Kva hjelp flyktningar med alvorlege psykiske lidingar?
Flyktningar med alvorlege psykiske helseproblem blir ofte behandla med kognitiv åtferdsterapi (CBT), eksponeringsterapi og medisinering. Men det er uklart kva for behandling som virkar.(14.12.06) (14.12.2006)
Det viser ein gjennomgang frå Kunnskapssenteret som baserer seg på søk etter studier i internasjonale databaser.
- Me fann ikkje forsking som gir innsikt i om desse metodane er virksomme for flyktningar med alvorlege psykiske lidingar, seier prosjektleiar Simon Innvær.
Behandlingsmetodane er oftast baserte på kognitiv åtferdsterapi (CBT). Eksponeringsterapi og medisinering blir også brukt, til dels i kombinasjon med CBT.
God generell kunnskap
- Sjølv om me fann lite spesifikk informasjon om behandling av psykiske helseproblem hjå denne gruppa, så finst det eit kunnskapsgrunnlag for behandling av desse tilstandane generelt, seier Innvær.
Diagnosen for alvorlege psykiske helseproblem er oftast posttraumatisk stressyndrom (PTSD).
Spørsmålet er i kor stor grad denne generelle kunnskapen om PTSD kan overførast til også å gjelde flyktningar med PTSD.
Alvorleg helseproblem
Psykiske lidingar er eit alvorlig helseproblem for flyktningar som dels kan relaterast til tidligare traumatiske opplevingar, men også til endringar i livsgrunnlaget, då særlig sosio-økonomiske forhold.
Det er Sosial- og helsedirektoratet som har bestilt gjennomgangen av kunnskapsgrunnlaget på feltet.
