Smittsomme sjukdommar - kva hindrar smitte?
Mange av tiltaka som vert brukte ved smittsomme sjukdommar er nyttige, men forskninga gir ikkje svar på kva som virkar best. (05.04.06) (05.04.2006)
Grunnen til dette er at få studiar testar enkelttiltak åleine. Det syner ein rapport frå Kunnskapssenteret der ein har gått gjennom internasjonal litteratur om å isolere pasientar for å hindre luftbåren smitte til medpasientar, helsepersonell eller besøkande.
Rapporten er avgrensa til desse infeksjonane: Tuberkulose, MRSA (gule stafylokokker), Vasskoppar, RS-virus, Meslingar, Hemoragisk feber og SARS.
Vanlege tiltak
I tillegg til medisinsk behandling for den smittsomme sjukdommen vert fleire tiltak brukt for å begrense eller hindre spredning av smitte:
• God handhygiene og andre pleieprosedyrer retta mot smitte
• Isolering av pasienten
• Bruk av munnbind/åndedrettsvern, hanskar, smittefrakk, lue
• Ventilasjon
• Godt reinhald
• Dekontaminering av utstyr og rom etter bruk
Meir forsking naudsynt
Totalt baserer rapporten seg på 59 observasjonsstudiar og ein systematisk oversikt. Denne type studiar gir mykje viktig informasjon, men svarar ikkje på kva for tiltak som betyr mest. For visse spørsmål er studiar av denne typen likevel den beste tilgjengelege kunnskapen.
- Me fann enkelte observasjonsstudiar som var prospektive kohortstudier og avbrutte tidsserier. Fleire studiar av dette slaget vil gi eit sterkare grunnlag for å sei noko om kva for tiltak som er viktigast for å hindre smitte av infeksjonar, seier prosjektleiar Ellen Nilsen frå Kunnskapssenteret.
Isolat
Dei fleste studiane viste god effekt av denne intervensjonen men det er vanskeleg å seie kva for tiltak som betyr mest og å sei noko om nytten av luftsmitteisolering samanlikna med andre tiltak.
Det er og viktig med studiar som kan avklare om isolat med undertrykksventilasjon beskyttar betre mot smitte enn isolat ålene.
- Slike studiar bør ha ein prospektiv og eksperimentell design, seier Nilsen.
Auka smittefare for helsepersonell?
Dei fleste studiane viste høgare førekomst av tuberkulose, meslingar og SARS hjå helsepersonell enn andre grupper i samfunnet. Ingen studiar blei funne om førekomst av MRSA og vasskoppar hjå helsepersonell.
Arbeidet er gjort i samarbeid med ei utredningsgruppe. Det er Statens helsetilsyn som har bestilt gjennomgangen.
-
Isolering som tiltak mot luftbåren smitte
( Rapport fra Kunnskapssenteret nr 01 - 2006 )
