Øving gjer meister på enkelte felt
Pasientar som går gjennom bypasskirurgi, som får PCI-behandling eller blir behandla for utposing på hovudpulsåra kan få betre behandling om sjukehuset eller kirurgen har mykje erfaring. (29.03.2007)
Det syner ein rapport fra Kunnskapssenteret, som har gått gjennom litteratur om samanhengen mellom pasientvolum og behandlingskvalitet på hjerte- og karområdet.
Rapporten har òg sett på kirurgi på halspulsåra (karotiskirurgi) og operasjon for tette pulsårer i beina. - Her er ikkje studiane eintydige. Enkelte studiar viser ein samanheng mellom talet på pasientar og kvalitet medan andre ikkje gjer det, seier prosjektleiar Inger Norderhaug.
Det var svært lite litteratur om slag og aneurismer (utposing av pulsåren). Det finst difor ikkje grunnlag for sikre konklusjonar om dette.
Treng vi ein volumstandard?
Det er mykje fokus på kvalitet i helsetenesta og diskusjon rundt korleis ein best kan måle dette. Spørsmålet som er stilt dei siste 20 åra, er om høgt pasientvolum per sjukehus eller lege gir betre kvalitet på behandlinga.
Hypotesen som ligg til grunn, er at ”øving gjer meister”, at sjukehus eller leger utviklar eller opprettheld god kompetanse om dei behandlar mange pasientar.
Enkelte helseorganisasjonar i USA har innført volumstandard for sjukehus og legar. Dette er òg eit aktuelt tema for norsk helsevesen, som både skal ivareta god kvalitet på behandling og sikre nærleiken og tryggleiken til pasientane.
Same datagrunnlag i fleire studiar
Rapporten viser at det er stor forskingsaktivitet og mange publikasjonar om volum og kvalitet. Men fleire av studiane har det same datagrunnlaget. Dette kan skape eit feilaktig inntrykk av kor mykje dokumentasjon som finst.
Mykje av forskingsmaterialet er frå USA og har basis i administrative data. Desse er utvikla med eit anna formål enn å vurdere og samanlikne behandlingskvalitet ved ulike institusjonar.
Det er òg store metodiske utfordringar knytta til innsamling og analyse av data i forskinga.
Erfaring er ein av fleire faktorar
Funna må settast i eit større perspektiv før ein vurderer organisatoriske konsekvensar i norsk helsetjeneste.
- Det er ikkje slik at mykje erfaring alltid er det samme som kvalitet. Det er snarare ein av fleire faktorar. Samansetjing av team, trening i prosedyrar og velfungerande system kan òg bety noko. Men dette er lite studert, seier Norderhaug.
Dette er ein oppdatering av rapporten ”Pasientvolum og behandlingskvalitet” frå Senter for medisinsk metodevurdering (SMM) frå 2001. Det kjem fleire delrapportar om samanhengen mellom volum og kvalitet på områda kreft, obstetrikk, ortopedi, traume og gastrokirurgi.
Kontaktperson:
Forskingsleiar
Inger Norderhaug
, tlf: 93 29 28 95
-
Inger Natvig Norderhaug
Forskningsleder, Kunnskapssenteret
-
Pasientvolum og behandlingskvalitet ved hjerte- og karsykdommer
( Rapport fra Kunnskapssenteret nr 10 - 2007 )
