European network for Health Technology Assessment (EUnetHTA)
Kunnskapssenteret er med i EUnetHTA som jobbar for utveksling av oppsummert forsking til bruk i helsefaglege beslutningar. (21.11.2008)
Nettverket koordinerer innsatsen til 27 europeiske land innanfor medisinsk metodevurdering.
Betra informasjonsdeling
Dei europeiske landa brukar truleg tid og pengar på å vurdere dei same problemstillingane. Eit av måla til nettverket er å betre informasjonsflyten kring vitskapleg arbeid som allereie er gjort, for å unngå dobbeltarbeid. Betre koordinering av kunnskapen kan òg skape ny og verdifull kunnskap.
Varig nettverk
Planen er at dette skal bli eit varig nettverk, og at ein skal få utvikla praktiske reiskap for å sikre effektiv:
• produksjon
• spreiing og
• overføring av kunnskap frå medisinske metodevurderingar
Nettverket arbeider først og fremst for å betre kunnskapsdelinga blant offentlege nasjonale organisasjonar som jobbar med medisinsk metodevurdering, forskingsorganisasjonar og sentrale helsemyndigheiter.
Åtte arbeidsgrupper
Prosjektet er delt inn i åtte arbeidsgrupper. Kunnskapssenteret leiar gruppa som skal evaluere prosjektet. Prosjektet er finansiert av midlar frå dei 59 medlemsorganisasjonane og Den europeiske unionen.
Kva er metodevurdering?
Medisinsk metodevurdering er ei arbeidsform som går ut på å oppsummere systematisk vitskapleg litteratur om effekt av eit tiltak. Økonomiske analysar og diskusjon av etiske, sosiale, juridiske og organisatoriske konsekvensar er òg ein del av slike rapportar.
Internasjonalt vert denne arbeidsformen kalla Health Technology Assessment (HTA)
