Hopp til innhold
Nyheter - Ny rapport

Å førebyggje sjølvmord – nyttige tiltak finst


Du er her: Forsiden » Nyheter 

Psykoterapi og antidepressiva kan redusere sjølvmordsåtferd. Men pasientane i studiane var ofte behandla i somatiske sjukehus. Det er difor uklårt i kor stor grad funna òg gjeld for psykisk helsevern. (16.11.06) (16.11.2006)

Det viser ein ny rapport frå Kunnskapssenteret. Ekspertgruppa som har laga rapporten har sett på verknaden av tiltak for å førebyggje sjølvmord innan psykiatrisk spesialisthelseteneste.

Rapporten tek føre seg bruk av psykoterapi, medikament og elektrokonvulsiv terapi.

- Dette er ei oppsummering av forsking som er gjort på emnet. Til saman er ti artiklar av høg kvalitet og 52 artiklar av moderat kvalitet med i rapporten. Studiane fann me gjennom systematiske søk i medisinske databaser, seier prosjektleiar Kurt I. Myhre.

Psykoterapi og sjølvmordsåtferd
Enkelte av studiane viste at psykoterapi reduserte sjølvmordsåtferd. Dette var studiar av kognitiv åtferdsterapi, dialektisk åtferdsterapi og psykodynamisk orientert psykoterapi.

Multisystemisk terapi til unge med akutt behov for innleggjing på psykiatrisk avdeling reduserte òg sjølvmordsåtferd meir enn kontrollbehandling.

- Ingen studiar viste auka sjølvmordsåtferd hjå pasientar som fekk psykoterapi, seier Myhre.

Sentrale antidepressiva
Dei fleste studiane viste at antidepressiva reduserte depresjon og  sjølvmordstankar meir enn placebo hjå pasientar med depresjon. I enkelte høve minka dei óg annan sjølvmordsåtferd.

Pasientane i desse studiane hadde relativt låg sjølvmordsrisiko. Ingen av studiane viste ei forverring ved bruk av antidepressiva.

Pasientar med med stemningslidingar har god nytte av litium. For pasientar med schizofreni, viste enkelte studiar at atypiske nevroleptika virkar betre enn andre antipsykotika.

Gjennomgangen viste at fleire land ikkje tilrår bruk av antidepressiva av typen SSRI til barn og unge under 18 år.

Sikre funn?
Enkelte trekk ved studiane gjer at ein må vere varsam med tolkinga:

• dei baserer seg på kortvarige intervensjonar og har metodiske
  svakheiter.
• dei omhandlar ikkje pasientar med stor sjølvmordsfare
• få pasientar er med i studiane som har begrensa moglegheit for å
  vurdere effekt

- Fleirtalet av studiane er òg frå andre samfunn, med ein annan kultur og andre måtar å organisere helsetenesta på. Det er difor ikkje sikkert at resultata kan brukast i vår helseteneste, seier prosjektleiaren.

Gruppa fann ikkje studiar som kan kaste lys over verknaden til elektrokonvulsiv terapi.

Alvorleg folkehelseproblem
Noreg hadde låg sjølvmordsrate samenlikna med andre land fram til 1970-tallet. Etter dette kom det ein auke, før talet på sjølvmord igjen sank frå starten av 1990-åra.

Det blir no registrert om lag 525 sjølvmord per år i Noreg, men det er grunn til å tru at det offisielle talet er 10-25 % for lågt, mellom anna på grunn av manglar ved registreringssystemet.

Sosial- og helsedirektoratet har bestilt rapporten, som skal brukast som grunnlagsmateriale for utarbeiding av nasjonale retningsliner. Del to av rapporten, om andre tiltak for å hindre sjølvmord, kjem vinteren 2007.

Kontaktperson:
Forskingsleiar Inger Norderhaug , tlf 93 29 28 95

Relaterte publikasjoner

Utskrift