Bruken av tiazid har auka
Våren 2004 kom vedtaket som bad legane skrive ut tiazid som førsteval ved høgt blodtrykk. Før dette låg bruken av tiazider på rundt 10 prosent. I tida etter vedtaket stabiliserte bruken seg på 25 prosent. (23.03.2006)
Vedtaket frå 2004 innebar at legane skulle føreskrive tiazid som førsteval ved høgt blodtrykk utan komplikasjonar (tiazidregelen). Kunnskapssenteret har vurdert effekten av tiltaket gjennom å samanlikne legane sine føreskrivingar før og etter regelen tok til å gjelde.
Fleire målingar
Analysen tek utgangspunkt i repeterte målingar av talet på tiazid-føreskrivingar i 11 månader før tiazidregelen tok til å gjelde og 11 månader etter. Datagrunnlaget er henta frå journalsystema til 61 legekontor i Oslo-området.
Fann ikkje negative verknader
Undersøkinga viser ikkje negative verknader av vedtaket. Talet på pasientar som nådde anbefalt behandlingsmål endra seg ikkje, og det var heller ingen klar endring i talet på pasientar som bytta preparat eller hadde behov for tilleggsmedikasjon.
Undersøkinga inneheld ein enkel økonomisk analyse. Den viser at tiazidregelen førte til innsparingar på 8 millionar kroner i løpet av det første året, på landsbasis.
Det er Helse- og omsorgsdepartementet som har bede om evalueringa.
-
Atle Fretheim
Permisjon, Kunnskapssenteret
