Nyheter - Ny studie

Gir medisin som hindrar HIV-smitte frå mor til barn alvorlege biverknader?


Du er her: Forsiden » Nyheter

Antiretrovirale legemiddel er nyttige for å hindre HIV-smitte frå mor til barn under svangerskap og fødsel, men verknadene på lang sikt er ikkje endeleg avklarte. (23.03.2006)

Det viser ei litteraturgjennomgang frå Kunnskapssenteret der ein har sett på kva for konsekvensar eksponering for slike legemiddel i mor sitt liv kan få for barnet.

Antiretrovirale legemiddel vert brukt for å behandle HIV-pasientar og minskar risikoen for at HIV-smitte vert overførd frå mor til barn under svangerskap og fødsel. Men det knyttar seg ei viss uro til at nokre slike medisinar kan virke inn på genetisk materiale (DNA).

Få alvorlege biverknader
- Studiane vi gjekk gjennom viste få alvorlege biverknader på kort sikt hjå barn som hadde vore eksponert for denne type medisin i fosterlivet, seier forskar Atle Fretheim ved Kunnskapssenteret.

Men usikre langtidsverknader
Denne type medisin har vore i bruk kun sidan første del av 1990-talet. Studiar som kan gi svar om langtidsverknader er undervegs. Innan desse studiane er klare er det vanskeleg å seie noko om tryggleiken til medisinane på lang sikt.

- Det er og for tidleg å slå fast at medisinane er utan alvorlege biverknader, men så langt er det ingenting som tyder på dette. Det som har vore mest diskutertert er om barna får auka risiko for å utvikle kreft, og det vil ta mange år før ein kan seie noko sikkert om det, seier Fretheim.

Andre biverknader ein har frykta er for tidleg fødsel, dødfødsel, låg fødselsvekt og medfødte misdanningar, men det er det liten grunn til å uroe seg for: - Ungane som har vore eksponerte for antiretrovirale legemiddel i forsterlivet verkar like friske som andre nyfødde, seier Fretheim.

Mogleg risiko må vegast opp mot gevinsten
Den moglege risikoen knytta til bruk av antiretrovirale legemiddel under svangerskap må vegast opp mot gevinsten, som er veldokumentert: om fem HIV- positive kvinner bruker desse medikamenta i svangerskapet, vert eitt barn færre smitta.

Gjennomgangen er bestilt av Norad. Notatet er på engelsk.

Relaterte filer
Relaterte personer

Utskrift