Hopp til innhold
Nyheter - Ny rapport

Demens - meir kunnskap gir betre pleie


Du er her: Forsiden » Nyheter 

Ein ny svensk rapport om demens er no omsett til norsk. Rapporten viser at meir kunnskap om demenssjukdommar kan hjelpe helsepersonell til å møte demenssjuke på ein god måte.(03.05.06) (03.05.2006)

Den viser og at diagnostikken kan bli betre gjennom meir struktur, som til dømes standardiserte intervju av pårørande.

Legemiddel kan være positivt for personar med mild til moderat Alzheimer, men medisinbruk må følgjast opp individuelt. Det er ikkje mogleg å vite kven som får effekt av medisinering på førehand.

Omfattande rapport
Det er Statens beredning för medicinsk utvärdering (SBU), Kunnskapssenterets svenske søsterorganisasjon, som står bak gjennomgangen. Systematiske søk og vurdering av publiserte studiar ligg til grunn for resultat og konklusjonar.

Rapporten teiknar eit nøkternt bilde av kor forskninga står i dag og kva ein veit og ikkje om demens. Heile kunnskapsgrunnlaget er dekka: frå definisjonar og forståing av omgrepet demens til diagnostikk, behandling, omsorg, etikk og helseøkonomi.

Korleis møte demenssjuke
– Det er behov for meir kunnskap om korleis ein bør møte personar med alvorleg demens som har mista evna si til å uttrykke seg som før. Som helsepersonell bør ein lære seg å forstå og handtere dette, seier Nina Rehnquist, direktør ved SBU.

Meir kunnskap og ei open haldning til demens kan og føre til færre negative reaksjoner frå omgjevnadene.

Omsatt til norsk
Nasjonalt kompetansesenter for aldersdemens og Kunnskapssenteret har samarbeida om å få sammendraget til rapporten omsatt til norsk etter godkjenning frå SBU. Dette er ein viktig rapport som bør nyttast av helsetenesta og myndigheitene slik at personar med demens og dei pårørande kan få best mogleg behandling og omsorg.

Det norske samandraget inneheld og ei nasjonal kartleggjing av tilbodet til personar med demens i norske kommuner som vart gjennomført i 2004-2005. Ein reknar med at det i Noreg finst ca 65 000 personar med ein eller annan form for demenssjukdom.


Utskrift