Depresjonsscreening av gravide og barselkvinner
Kunnskapssenteret skal utarbeide ei systematisk oversikt over forsking som ser på verknader av ulike metodar for depresjonsscreening. (29.03.2012)
Forsking på metodar for depresjonsscreening som er meint å oppdage og følgje opp depressive symptom hos gravide og barselkvinner, skal systematisk oppsummerast. I oversikta skal ein også vurdere kor treffsikre, det vil seie kor nøyaktige, dei ulike screeningverktøya er i høve til ein faktisk depresjonsdiagnose.
- Målet med screening er å kunne iverksetje tiltak på eit tidleg stadium for å førebyggje utvikling av klinisk depresjon, seier Marita Sporstøl Fønhus, forskar ved Kunnskapssenteret og leiar for dette prosjektet.
Det er Nasjonalt råd for kvalitet og prioritering i helsetenesta som har bede Kunnskapssenteret om å utarbeide oversikta. Bakgrunnen for bestillinga er at rådet har vedtatt å drøfte om ein skal tilrå innføring av depresjonsscreening av gravide eller barselkvinner .
- Den systematiske oversikta over forsking på dette området skal danne bakgrunn for rådet sitt vidare arbeid med dette spørsmålet og bidra til velinformerte avgjersler, avsluttar Fønhus.
