Diagnostisering av kreft
PET, ei form for avansert bildediagnostikk, kan være nyttig for å påvise enkelte krefttypar som hovud- og nakkekreft, eller påvise spredning av lungekreft, kolorektalkreft, Hodgkins lymfom og brystkreft. Det viser eit notat frå Kunnskapssenteret.(14.12.06) (14.12.2006)
- Mangelen på evidens gjer det vanskeleg å vurdere om PET òg kan bidra til å betre diagnostiseringa for andre typar kreft, seier Berit Mørland, assisterande direktør i Kunnskapssenteret.
Notatet baserer seg på ei norsk metodevurdering frå 2003 som oppsummerer internasjonale systematiske oversikter, samt ein dansk rapport publisert i juni 2006.
- I tillegg er det søkt etter nyare systematiske oversikter, forklarar Mørland.
Kva er PET?
PET er forkortinga for positronemisjonstomografi og blei utvikla på 1970-tallet. Ei radioaktiv forbinding som kan bli teken opp i organ, vev eller celler, blir sprøyta inn i blodårene. Dermed kan kreftsvulstar avbildast tredimensjonalt med ein PET- skanner.
PET gir ikkje anatomiske bilder. Difor er det laga apparat som kombinerer PET og CT-bilder. Dei to apparata som er kjøpt i Noreg er av denne typen.
Mest brukt til diagnostisering
Kombinerte PET/CT-bilder er mest brukt innan diagnostikk og kan gi informasjon om spredning, eventuelle restsvulstar etter kirurgi og verknadene av behandling.
Teknologien blir og brukt innan kardiologisk og nevrologisk diagnostikk.
- Det vert forska mykje på PET og det kan difor hende at ein om nokre år har dokumentasjon for at teknologien kan brukast innan andre kreftområde òg, seier Mørland.
Nasjonale handlingsprogram
Bakgrunnen for oppdraget er den nye danske komitérapporten og at det skal lagast nasjonale handlingsprogram for kreft i Noreg.
Sosial- og helsedirektoratet har bestilt rapporten.
-
PET – diagnostisk og klinisk nytteverdi
( Notat − hasteoppdrag 2006 )
