Hopp til innhold
Nyheter - Ny rapport

Effektiv og sikker migrenemedisin


Du er her: Forsiden » Nyheter 

Kunnskapssenteret har vurdert nytten og tryggleiken til migrenemedisin av typen triptanar. Det viser seg at det er få skilnader mellom dei ulike typane og at behandlinga er trygg. (11.01.2007)

Denne typen medisin kom på marknaden i 1991 og revolusjonerte behandlinga for migrene.  I dag finst det sju ulike triptanar i tablettform, som nasespray, stikkpiller og sprøyter.

Følgjande triptanar er vurdert: Sumatriptan, Naratriptan, Zolmitriptan, Rizatriptan, Almotriptan, Eletriptan, Frovatriptan. Oppdraget var avgrensa til å sjå på triptanar i tablettform.

Sikkert terapival
Det finst god dokumentasjon på at migrenemedisinen virkar i seg sjølv. Kunnskapssenteret si oppgåve var å sjå på om det var skilnader mellom dei sju ulike typane. 

- Forskinga viser at det er få skilnader mellom desse i forhold til kor raskt ein får effekt og kor lenge denne held seg, seier forskingsleiar Marianne Klemp Gjertsen

Det var ingen signifikant skilnad i førekomst av biverknader mellom dei ulike triptanane.  - Generelt framstår behandling med triptanar difor som eit sikkert terapival ved migrene, forklarar Klemp Gjertsen.

Migrene råkar mange
Migrene er eit betydeleg helseproblem, som råkar 18 prosent kvinner og seks prosent menn. Eit enkelt anfall av migrene kan vare inntil 48 timar og ofte er anfalla hyppige.

Målet med behandlinga er å redusere intensiteten og lengda på anfalla med færrast mogleg biverknader for pasientane.

Bruk av rapporten
Statens legemiddelverk har bestilt rapporten, som skal danne grunnlaget for å vurdere refusjonsstatus for denne type migrenemedisin og i stor grad bestemme innhaldet i ordninga med føretrukke legemiddel for triptanar.

Rapporten er basert på sekundærlitteratur, det vil seie systematiske oversikter som samanliknar effekt og tryggleik til to eller fleire av triptanane.



Kontaktperson:
Forskingsleiar Marianne Klemp Gjertsen , tlf  93 41 98 95



Relaterte personer
Relaterte publikasjoner

Utskrift