Eldre kan klare seg lenger heime
Eldre ser ut til å klare seg lenger i eigen bustad etter sjukehusopphald, dersom dei blir behandla i eigne geriatriske einingar på sjukehuset. Eigne geriatriske team ser derimot ikkje ut til å vera effektive.(30.11.06) (30.11.2006)
- Dei eldre som blei vurdert og behandla ved eigne geriatriske einingar eller avdelingar såg ut til å klare seg lenger i eigen bustad enn eldre som fekk behandling ved vanlege avdelingar, seier forskar og prosjektleiar Elisabeth Gjerberg.
Alternativet til å klare seg i eigen bustad var innleggjing på sjukeheim.
Aukande bruk av sjukehustenester
Ein stadig større del av befolkningen blir eldre, og det har vore ei vekst i dei eldre si bruk av sjukehustenester dei siste åra.
- Denne utviklinga kjem til å halde fram, så det er god grunn til å sjå på effekten av ulike behandlingstilbod i sjukehuset. Særleg for eldre der ein kombinasjonen av aldring, fleire sjukdommar og funksjonstap kjenneteiknar sjukdomsbildet, seier Gjerberg.
Tverrfagleg tilnærming
Det er typisk for den geriatriske arbeidsmåten at helsepersonell med ulik kompetanse jobbar saman. Legespesialisten i geriatri samarbeider gjerne med sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar og andre yrkesgrupper med kompetanse innan geriatri.
Geriatrien i Noreg er først og fremst sjukehusbasert, og tiltaka er prega av at pasienten blir vurdert og behandla på ein systematisk og tverrfagleg måte.
To typar organisering
Det er i hovedsak to måter å organisere tilbodet på. Anten har sjukehuset ei eiga avdeling eller eining der gamle pasienter blir utreda og behandla ved hjelp av tverrfagleg kompetanse.
Eller så har sjukehuset eit tverrfagleg team med geriatrisk spesialkompetanse som vurderer gamle pasientar på ulike avdelingar og tilrår ein behandlingsplan som andre skal følgje opp.
- Ifølgje forskinga me såg på ser ikkje geriatriske team ut til å ha effekt. Dette skuldast truleg at det er ulike personar som tilrår tiltak og som følgjer dette opp. Det heilskaplege perspektivet går tapt, forklarar Gjerberg.
Rett tiltak til pasienten
Det er eit klart behov for meir forsking på området.
- Forskinga trengs både for å utvikle og prøve ut nye organisatoriske løysingar og for å utvikle meir målretta kriterie for å velgje ut pasientar som kan ha nytte av geriatriske tiltak, seier Gjerberg.
Det var og ein del av oppgåva å vurdere geriatriske tiltak og betring av funksjonsnivå hjå pasienten, ny innleggjing og liggetid på sjukehuset, men her var det sprikande funn i litteraturen. Difor var det ikkje mogleg å konkludere om dette.
-
Effekt av geriatriske tiltak til eldre pasienter innlagt i sykehus
( Rapport fra Kunnskapssenteret nr 14 - 2006 )
