Håp for alkoholavhengige
Fleire legemiddel og psykososiale tiltak er dokumentert effektive mot alkoholavhengigheit. Det syner ein ny dansk rapport. (13.10.2006)
Den medisinske metodevurderinga ser på kva for tiltak som virkar mot alkoholavhengigheit og gir eit godt grunnlag for kunnskapsbasert behandling.
Effektive legemiddel
Pasientar med stor grad av drikketrang og angstsymptom kan ha god nytte av legemiddelet Acamprosat. Medikamentet Naltrexon er særleg effektivt hjå pasientar som blir avhengige tidleg og som i utgangspunktet er disponert for dette.
Når det gjeld akutt avrusing og behandling av abstinens er det solid dokumentasjon for at benzodiazepin er virksomt. Det er mest effektivt å bruke eit langtidsvirkande benzodiazepin.
Det er ikkje dokumentert at antabus utan tilsyn er effektivt. Antabusbehandling med tilsyn er signifikant betre enn behandling med antabus utan tilsyn. Det blir understreka i rapporten at legemiddel alltid bør brukast i kombinasjon med psykososiale tiltak.
Familien viktig
For psykososial behandling seier rapporten at tiltak som rettar seg konkret mot misbruket, som til dømes ulike former for kognitiv atferdsterapi, er bra for å redusere alkoholforbruk.
At familien deltek, gjer det meir sannsynleg at den alkoholavhengige søkjer hjelp og at behandlinga virkar.
Bra å kombinere tiltak
For pasientar med alvorleg avhengigheit, er Community Reinforcement Approach (CRA) effektivt. Motivasjonsaukande behandling som sjølvstendig tiltak er moderat effektivt, men verknaden aukar om behandlinga blir gitt før annan behandling.
Alkoholavhengige er ingen einsarta gruppe. Difor er det viktig å ta utgangspunkt i den enkelte pasient når det gjeld val av tiltak, understrekar rapporten.
Les meir om den danske rapporten "Alkoholbehandling - en medicinsk teknologivurdering"…
