Herceptin hindrar tidleg tilbakefall av brystkreft
Medikamentet Herceptin halverar risikoen for tidleg tilbakefall av brystkreft, men kan òg gi biverknader. Difor er oppfølging av pasientane viktig. (23.03.2006)
Det viser ei gjennomgang Kunnskapssenteret har gjort av studiar om dette. Brystkreft er den hyppigaste krefttypen blant kvinner i den vestlege verda. Nokre kvinner vert råka av ein aggressiv form for kreft kalla HER-2 positiv brystkreft. Årleg vil ca. 300 kvinner vere aktuelle for behandling med Herceptin.
Målet med rapporten var å sjå på kor nyttig og trygg bruk av Herceptin er i tidleg fase av brystkreft, basert på kunnskapsgrunnlaget av i dag. Ei helseøkonomisk analyse er starta og vert publisert våren 2006.
Hindrar tilbakefall av brystkreft
Gjennomgangen syner at Herceptin minskar risikoen for tidleg tilbakefall av brystkreft til det halve. Samstundes viser den at det ikkje er mogleg å dra konklusjonar om overleving på lang sikt, ettersom studiane har kort oppfølgingstid og ikkje har nok data om dette.
Tett oppfølging naudsynt
Det kjem og fram at behandlinga kan føre til kardiovaskulære biverknader. Den vanlegaste er nedgang i hjertefunksjon. I studiane er det og observert alvorlege kardiovaskulære biverknader frå 0,5 til 4 prosent sjølv om pasientane ikkje hadde teikn til sjukdom før behandlinga.
På grunn av dette og den korte oppfølgingstida i studiane er det viktig at kvinner som brukar Herceptin får tett oppfølging.
Rapporten er bestilt av Sosial- og helsedirektoratet og fagdirektørane i dei regionale helseføretaka, og skal brukast i det framtidige arbeidet med nasjonale handlingsprogram for kreftbehandling.
Del 2 av oppdraget er ei helseøkonomisk analyse som er under arbeid, og som også vil danne eit viktig kunnskapsgrunnlag for arbeidet med retningslinjer på området.
