Kandidatar til USA-stipend
Lyst til å studere helsepolitikk saman med leiande amerikanske fagmiljø i eitt år? Det prestisjefylde stipendet The Harkness Fellowship søkjer kandidatar for 2012-2013. Ny søknadsfrist er 2. desember 2011. (19.09.2011)
I samarbeid med The Commonwealth Fund lyser Forskingsrådet og Kunnskapssenteret for tredje gong ut midlar til ein norsk "Harkness Fellow in Health Care Policy and Practice".
The Commonwealth Fund
The Commonwealth Fund er ei amerikansk stifting som arbeider med helsepolitikk, helsereformer og helsesystem. Eit av forskingsprogramma er "International Program in Health Policy and Practice", som gir kandidatar frå Australia, Canada, Frankrike, Tyskland, Nederland, New Zealand, Sveits, Storbritannia og Noreg sjansen til å forske i opptil 12 månader i USA i samarbeid med leiande amerikanske helseekspertar. Programmet står blant anna for nokre av dei mest internasjonalt anerkjende samanliknande undersøkingane av helsesystem.
Prestisjefylt
"The Harkness Fellowship" er eit prestisjefylt stipend som ein kandidat frå kvart av dei utvalde landa får for å gjere eit forskingsprosjekt som er relevant for heimlandet og USA i eit leiande amerikansk fagmiljø innafor helsetenesteforsking. Kandidatane deltar på seminar i regi av The Commonwealth Fund i løpet av året og på eit årleg symposium.
- Åpner dører
Harkness-stipendet er eit tilbod som vil kunne gi norsk helsetenesteforsking eit løft og etablere gode internasjonale kontaktflater for den stipendmottakaren som blir vald.
– Frå fyrste dag er ein del av eit system som representerar mange kontaktar, og et omfattande fagleg opplegg i tillegg til eige forskingsprosjekt. Å vera Harkness fellow åpner dører; eg har berre fått positiv respons på rådspørjing, det være seg mentor, samband til institusjon, samarbeid eller kva det måtte vere, seier Berit Bringedal (bilete under). Ho var fyrste nordmann som fekk stipendet, og er nett komen heim frå USA.
Bringedal var knytta til Harvard University Program in Ethics and Health og arbeidde med eit prosjekt om personleg ansvar for helse og tilgang til helsetenester.
- Eg så på bruk av insentiv i amerikansk helseteneste for å få folk til å endra livsstil til å vere meir helserelatert. Insentiva kan vere direkte knytt til tilgang til helsetenesta, som lågare eigendel og utvida helsetenestetilbod, eller gratis trening og fri for å trene i arbeidstida, forklarer Bringedal.
Berit Bringedal stiller seg til disposisjon om nokon har spørsmål til korleis opphaldet i USA arta seg: bbringe@gmail.com
Kven kan søkje?
Stipendet er for dyktige fagpersonar i helsetenesta som er midt i si karriere, som er engasjerte i å forbetre helsetenesta ved analyse og forsking og ved leiing, og som er i ei fase i si faglege utvikling der røynslene frå eit slikt stipend kan ha stor verdi for vidare arbeid.
Alle søkjarar må sende ein formell søknad som inneheld framlegg til forskingsprosjekt som fell innanfor rammene til The Commonwealth Funds viktigaste interesseområde: helsesystema si yting, tilgjengelegheit, dekningsgrad av forsikringar, kvalitetsforbetring, effektivitet og likebehandling, kvalitet av behandling for barn, eldre og minoritetar og pasientsentrert primærhelseteneste.
For fleire detaljar om Fellowship-stipendet, søknadsprosessen, kven som kan veljast og kriterium for val av kandidat, sjå heimesida til The Commonwealth Fund.
Finansiering
Stipendet dekkjer opp til 107 000 USD som inkluderer:
• Reise tur-retur USA
• Flyttekostnader
• Fast månadleg stipend for å dekkje levekostnader (lønn)
• Utgifter i samband med deltaking på Harkness Fellowship-arrangement, prosjektrelaterte reiser, studie, konferansar og forskingsutgifter
Ytterlegare finansiering med inntil 40 000 USD kan dei gje ved reise saman med familie.
Det kan i tilegg bli aktuelt med ei viss ekstra finansiering frå Forskingsrådet.
Søknadsprosedyre
Søknadsfristen er 2. desember 2011. For søknadsskjemaet og annan informasjon, sjå The Commonwealth Fund.
-
Signe Agnes Flottorp
Seniorforsker, Kunnskapssenteret
