Hopp til innhold
Nyheter - Ny rapport

Kronisk utmattelsessyndrom må takast på alvor


Du er her: Forsiden » Nyheter 

Pasientar med kronisk utmattelsessyndrom har ein alvorleg sjukdom og treng å bli møtt på ein god måte i helsevesenet. Dette er bodskapen i ein rapport frå Kunnskapssenteret om CFS/ME.(09.06.06) (09.06.2006)

Rapporten er utarbeidd på bestilling frå Sosial- og helsedirektoratet og er ein gjennomgang av det vitskaplege grunnlaget for diagnostikk og behandling av kronisk utmattelsessyndrom (CFS/ME) hjå barn og vaksne.

Pasientar med CFS/ME beskriv ofte ei kjensle av fullstendig utmatting eller energisvikt – på engelsk omtala som fatigue. Dette hovudsymptomet er i regelen uvanleg kraftig og noko anna enn å være sliten.

Usikker førekomst
Ein reknar med at mellom 9 000 og 18 000 personar har denne sjukdommen i Noreg, av desse er om lag 300 barn. Anslaga over førekomst er usikre.

Samansatt årsak
Det er semje blant dei fleste fagfolk om at årsaken til CFS/ME er samansatt. I dag finst ingen diagnostisk test for CFS/ME. Diagnosen vert stilt på bakgrunn av ulike diagnosedefinisjonar som tek utgangspunkt i pasienten sitt særprega sjukdomsbilde.

Forsking må til
Utredningsgruppa framhevar at forsking bør ha høg prioritet, spesielt dei sjukaste pasientane som ofte er sengeliggjande og ute av stand til å komme seg til behandlar.

Det er brei semje i utredningsgruppa om at det norske helsetilbodet til pasientar med CFS/ME er utilstrekkeleg. Dette skuldast at kunnskapen om sjukdommen til no har vore begrensa og at meiningane har vore delte.

Fakta om CFS/ME
Relaterte personer
Relaterte publikasjoner

Utskrift