Hopp til innhold
Nyheter - Om Kunnskapssenteret

Kunnskapssenteret offisielt opna av helseministeren


Du er her: Forsiden » Nyheter 

Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten vart offisielt opna mandag 26. april av helseminister Dagfinn Høybråten. – At tre tidlegare separate miljø no er samla i ei eining, gir ei unik moglegheit til å skape eit kraftsenter som kan bli ei uvurderleg kjelde til kunnskap og innsikt for norsk helseteneste, sa ministeren i si opningstale. Det er og viktig at Kunnskapssenteret arbeider for å styrke pasientane sitt grunnlag for valg. Det er naudsynt for at den einskilde kan vere sin eigen helseminister. (30.04.2004)

Internasjonal deltaking
Åpninga hadde og internasjonal deltaking. Egon Jonsson, Team Leader i Health Evidence Network (WHO), sa i sitt innlegg at Norge låg i forkant i Norden gjennom opprettinga av Kunnskapsenteret.  - Det er unikt i nordisk samanheng å samle tre sterke miljø som arbeider med oppsummering av forskning for praksis og måling av kvalitet og resultata i helsetenesta i eit slikt nasjonalt kunnskapssenter, sa han. Jonsson ga i sitt foredrag mange eksempel som i eit historisk perspektiv viser at ”Evidence is simply better than opinion”. 

 

Felles målsetting med fleire
Viseadministrerande direktør i Helse Vest RHF, Helge Bryne, viste til den felles målsettinga Kunnskapssenteret og dei regionale føretaka har: å styrke utviklinga av ei kunnskapsbasert helseteneste. Han peika vidare på 3 område av stor verdi for føretaka.
- Kunnskapsoppsummeringar og formidling
- Kraftsenter for helsetenesteforskning
- Ansvar for kunnskapsrelaterte innhaldstenester i nasjonalt helsenett
Dei regionale føretaka kjem til å bli ein sentral bestillar for det nyåpna senteret, sa Bryne.

Må læra opp bestillarane
- Kunnskapssenteret bør være tverrfagleg, poengterte divisjonsdirektør i Sosial- og helsedirektoratet Bjørn Guldvog, og la til at senteret skal gjere helseforvaltning og helsetenesta betre i stand til å finne løysingar som kjem pasientar og befolkning til gode. Det er og viktig at senteret lærer opp forvaltninga til å bli gode bestillarar og brukarar av kunnskap, og at og det utøvande tenesteapparatet lærer seg å bruke denne kunnskapen. Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten skal bidra til å realisere kvalitetsvisjonen.

Viktig å bli brukt
- Vår visjon er at god kunnskap formar helsetenesta, sa leiar for Kunnskapssenteret John-Arne Røttingen. I dialog med våre målgrupper og brukarar ønskjer vi å bidra til dette ved å få fram ny kunnskap og gjennom å framskaffe oppsummert forskingsbasert kunnskap.


Utskrift