Hopp til innhold
Nyheter - Nytt notat

Liten fødestove betre enn stor fødeavdeling?


Du er her: Forsiden » Nyheter 

Kvinner som føder ved jordmorstyrte fødestover er meir tilfredse med tilbodet enn kvinner som føder i vanleg fødeavdeling. Grunnen til dette er uviss. (08.12.2005)

Kan det vere at kvinnene som føder ved fødestovene er selekterte og oftare har ukompliserte fødslar eller kan det vere fordi det kjennest betre å føde ved fødestover? Dette gir ikkje studiane som Kunnskapssenteret har gjennomgått, svar på.

Mange fødslar ei føremon?
Forskarane såg og på om studiane kan vise at det er ein samanheng mellom talet fødslar ved ein institusjon (volum) og risiko for død i nyfødtperioden.

- Det finst enkelstudiar som kan vise til slike samanhengar, men desse resultata er usikre. Me kan difor ikkje konkludere om dette, seier forskingsleiar Inger Norderhaug ved Kunnskapssenteret.

Svakheiter ved studiane
Det knyttar seg spørsmål til om resultata frå dei internasjonale studiane kan overførast til Noreg: 

- Det har vore ei betydeleg omorgansiering av fødetilbodet i mange vestlege land, og det er difor eit spørsmål om resultata frå desse studiane er relevante for  fødselsomsorgen slik den er i dag.

- Det er og ei svakheit at mange av studiane ikkje oppgir avstand til næraste  fødeavdeling og reisetid ved samanlikning av fødestover og fødeavdelingar.

Kunnskapssenteret held for tida på med to liknande, men større undersøkingar: ei om fødestover og pasientsikkerheit og ei om pasientvolum og behandlingskvalitet.

Relaterte nyheter/artikler
Relaterte personer

Utskrift