Metadon reduserer opiatbruk
Personar som får metadon, buprenorfin eller naltrekson i kontrollerte former brukar mindre illegale narkotiske stoff. Dette syner forsking Kunnskapssenteret har studert.(25.09.06) (25.09.2006)
Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) har vore eit tiltak i Noreg sidan 1998. Tilbodet er no landsdekkande, men ei evaluering i 2004 avdekka store regionale skilnader i praksis.
Den nye rapporten frå Kunnskapssenteret har oppsummert forskinga om verknadene til medikamenta metadon, buprenorfin (Subutex®) og naltrekson samanlikna med annan behandling eller ingen behandling med medikament.
To typar behandling
Behandling blir grovt sett delt inn i avholdsorientert behandling og vedlikehaldsbehandling. Naltrekson vert nytta i avholdsorientert behandling, som tek sikte på at personen sluttar å bruke opiat. Metadon eller buprenorfin blir brukt som vedlikehaldsbehandling. Der blir heroinbruk erstatta med kontrollert bruk av desse preparata.
Medikament reduserer misbruk
Det er metadon som blir brukt mest i vedlikehaldsbehandling. Oppsummeringa syner at metadon reduserer bruk av illegale opiat. Dette gjeld og for buprenorfin og naltrekson.
Blir lenger i behandling
Forskinga viser og at fleire pasientar står lenger i behandling med metadon og buprenorfin. Naltrekson viste ikkje effekt med tanke på å halde pasienten i behandling over tid.
Mykje forsking om medikament
Det finst mykje litteratur om medikamentell behandling av opiatavhengige, og rapporten syner klart at alle dei tre medikamenta reduserer opiatbruk. Samstundes må meir forsking til om dødeligheit, dosering, psykososiale tiltak og organisering.
Det er og uavklart om eigenskaper hjå pasienten sjølv, som til dømes alder, kjønn og nasjonalitet, betyr noko for effekten av medikamenta. Kva for psykososiale tiltak som kan styrke effekten er også usikkert.
Sosial- og helsedirektoratet har bestilt rapporten, som skal nyttast i direktoratet sitt arbeid med faglege retningliner på området.
