Hopp til innhold
Nyheter - Ny rapport

Metodar for å finne utviklingsavvik hjå barn


Du er her: Forsiden » Nyheter 

Det finst mange verktøy for å kartlegge utviklingsvanskar hjå førskulebarn, men få av desse er utvikla for barn i alderen 0–6 år. (07.12.2005)

Det viser ein rapport frå Kunnskapssenteret der ein har kartlagt metodar og instrument til bruk i helsestasjonane for å oppdage barn med høg risiko for utviklingsavvik. Rapporten er ein gjennomgang og vurdering av 28 studiar om emnet. Dei fleste metodane som er kartlagt, er ikkje validert for norske eller skandinaviske forhold.

Stor variasjon
Fleire ulike metodar er i bruk ved norske helsestasjonar, og mykje tyder på at val av metode er tilfeldig. Ofte er kunnskapen liten om andre metodar enn den som er i bruk ved eigen helsestasjon.

Lite eigna for generell screening
Det er internasjonal semje om at metodane ikkje bør nyttast til generell screening på grunn av faren for feildiagnosar. Å screene førskulebarn for utviklingsvanskar reiser òg etiske spørsmål fordi det ikkje er dokumentert at slike program fører til meir nytte enn skade.

Meir forsking naudsynt
Gjennomgangen viser at det er manglande kunnskap på området og at det trengs meir forsking om førekomst, årsaksforhold, diagnostiske kriterium, prognose og effekt av tiltak før ein kan slå fast kva som er gode og effektive verktøy for kartlegging.

Rapporten er laga for Sosial- og helsedirektoratet og er eit bidrag i oppfølginga av Opptrappingsplanen for psykisk helse 1999–2008, der barn og unge er ei prioritert gruppe.

Relaterte personer

Utskrift