Hopp til innhold
Nyheter - Ny rapport

Nordisk rapport: Uklar nytte av operasjon mot pustestopp


Du er her: Forsiden » Nyheter 

Å sove med ei pustemaske som gir overtrykk ved såkalt søvnapnésyndrom har sterk støtte i forskning. Derimot er nytten av kirurgiske inngrep ikkje påvist, ifølgje ein ny nordisk rapport. (12.04.2007)


Trass i at desse operasjonane gir sideverknad og risiko - i visse tilfelle alvorleg – vert fleire hundre slike inngrep gjennomført kvart år.
 
Om søvnapné
Søvnapné er eit stort problem, truleg er to prosent av kvinnene og fire prosent av mennene plaga. Personar med søvnapné får gjentatte tilstoppingar i dei øvre luftvegane. Dette fører til avbrutt søvn og nedsatt funksjonsevne på dagtid, i alvorlege tilfelle mangel på oksygen, som kan gi organskade.

Pasientgruppa har auka risiko for trafikkuhell, slag og hjartesjukdom. Tilstanden er forsøkt behandla med kirurgiske inngrep i øvre luftvegar, med ei skinne i munnhola eller med overtrykksventilasjon (CPAP).

Nordisk fellesprosjekt
- Rapporten er eit nordisk fellesprosjekt, seier assisterande direktør Berit Mørland, som har vore med i styringsgruppa for prosjektet. 

- Det har vore eit langt og omfattande prosjekt, der vi både har sett på føreliggjande kunnskap om diagnostikk og behandling, og gjort ei spørjeundersøking blant nordiske helseinstitusjonar om korleis kvart enkelt land handterer denne tilstanden.

Diagnosen søvnapné krev at det vert registrert stor førekomst av pustestopp (over 10 sekund) under søvn, og ein unormal trøttleik (utan annan forklaring) om dagen. Det krevst døgnregistering som måler både pust og oksygeninnhald i blodet.

Behandlingsformene som er utreda, er å sove med ei maske med overtrykk, å sove med ein bittskinne som trekkker underkjeven litt fram – begge delar med føremål å halde  luftvegene frie – og  fleire former for kirurgiske inngrep.

Det er klare positive behandlingseffektar, målt både med scoringsskjema for trøttleik og søvnregistrering,  frå pustemaske eller bittskinne. Og begge delar tolererer  pasientane bra. Det er ikkje dokumentert positive behandlingseffektar frå kirurgiske inngrep.

Noreg på topp i kirurgiske inngrep
I kartlegginga av praksis kjem det fram forbausande store variasjonar i behandling av søvnapné mellom dei nordiske landa. Ytterpunkta er Noreg som ligg klart på topp i kirurgiske inngrep, og nesten ikkje nyttar bittskinner, og Sverige  der bruk av bittskinner dominerer. Det kan være ein medvirkende årsak til ulikskapane at refusjonsordningane er ulike.

- Talla er frå 2003, og det kan vere grunn til å sjå på status nå. Uansett er det viktig å reise debatten om desse behandlingsmetodane i Noreg, seier Berit Mørland.

Eit norsk samandrag av rapporten vil snart bli lagt ut på nettet. 

Les sammendrag av rapporten på nettsidene til Statens beredning för medicinsk utvärdering (pdf)

Relaterte personer

Utskrift