Hopp til innhold
Nyheter - Ny artikkel

På veg mot felles graderingssystem i retningsliner


Du er her: Forsiden » Nyheter 

Faglege retningsliner bør informere helsepersonell om kva kvaliteten er på evidensen som ligg til grunn, og om tilrådinga er sterk eller svak, heiter det i ein ny artikkel i British Medical Journal der forskarar frå Kunnskapssenteret er medforfattarar. (10.06.2008)

Når kvaliteten på forskingsfunn ikkje er vurdert, kan ein ende opp med gale tilrådingar, slik det skjedde då kvinner i overgangsalderen vart tilrådde å bruke østrogentilskott, skriv forskarane.

Tilrådinga skjedde med dei beste intensjonar om å minske risikoen for hjerte-/karsjukdom. Men hadde fagfolka nytta seg av gode verkty den gongen for å gradere evidenskvaliteten, ville det ha vorte avdekka at evidensen for at risikoen minskar, var av låg kvalitet sidan data kom frå observasjonsstudiar med inkonsistente resultat. Seinare har randomiserte, kontrollerte studiar vist at behandling med østrogentilskott ikkje minskar risikoen for hjerte-/ karsjukdom, men kanskje til og med kan auke risikoen.

Kan spare liv
Forfattarane viser fleire eksempel der mange liv kunne vore spart om ein hadde vore meir merksam på låg evidenskvalitet i studiane før ein sende ut tilrådingar om behandling til helsepersonell. 

Både pasientar og helsepersonell må vege fordelar opp mot ulemper når dei har eit helseproblem og skal velje mellom alternative behandlingar, slår forfattarane fast. Men dei som utviklar faglege retningsliner rundt i verda har verken sams reglar for korleis dei rangerer kvaliteten på evidens i forskinga som ligg til grunn for tilrådingane eller for korleis dei graderer styrken i tilrådingane. Det fører til at dei som skal bruke retningslinene, kjem i uvisse. 

Artikkelen i British Medical Journal (BMJ) vil bøte på dette. Det er den første i ein serie på fem artiklar om utvikling mot felles graderingssystem, og forfattarane presenterer systemet GRADE – The Grading of Recommendations Assessment, Development and Evaluation.

GRADE-systemet er kjenneteikna ved at det rangerer kvaliteten på evidensen og styrken i tilrådingar på ein eksplisitt, omfattande, open og pragmatisk måte. GRADE-systemet vert  i aukande grad tatt i bruk av organisasjonar verda rundt. Blant dei er Cochrane-samarbeidet, som praktiserer systemet i sine oversiktar som dei publiserer i Cochrane Library (sjå lenke i høgre marg). 

Les meir om Cochrane
Kontaktpersonar

Utskrift