Hopp til innhold
Nyheter - Ny rapport

Positiv effekt av gruppeundervisning


Du er her: Forsiden » Nyheter 

Betre psykisk helse, større evne til meistring og meir tilfredse pasientar. Gruppeundervisning ser ut til å ha fleire positive effektar. Det viser ein ny rapport frå Kunnskapssenteret. (18.05.2011)

gruppeundervisning
Gruppeundervisning kan ha effekt

Les hele publikasjonen: Effekt av gruppeundervisning i pasient- og pårørendeopplæring


Kunnskapssenterets forskarar har oppsummert forsking som vurderer effekt av gruppeundervisning til pasientar og pårørande.

Dei inkluderte oversiktene omfattar undervisning til personar med diabetes type 2, schizofreni, revmatisme, kreft, rygg- og nakkesmerter, ulike kroniske sjukdomar, undervisning i samband med røykeslutt og førebuing til fødsel.

Gruppeundervisning ser generelt ut til å ha ein positiv effekt på psykososiale utfall som psykisk helse, meistring og relasjonar til andre, og på kunnskap om eigen sjukdom.

Diabetes type 2, kreft, ryggsmerter og røyking
- Gruppeundervisning ser òg ut til å gje betre kontroll på langtidsblodsukker, og moglegvis betre meistring, kunnskap og pasienttilfredsheit for personar med diabetes type 2.For pasientar med ulike kreftsjukdommar har gruppeundervisning truleg betre effekt på depresjon, angst, livskvalitet, meistring og relasjon til partnar enn vanleg praksis.
- Gruppeundervisning ser ut til å kunne redusere smertevarigheit og sjukefråvær for pasientar med akutte ryggsmerter, og til å auke mengda som sluttar å røykje jamført med både sjølvhjelpsgrupper og ingen intervensjon, seier seksjonsleiar Gunn Vist ved Kunnskapssenteret.

For andre helseutfall, som legemiddelbruk og livskvalitet, varierer resultata både mellom målgrupper og mellom tiltak.

Lovpålagt opplæring
Opplæring av pasientar og pårørande er ein av fire lovpålagte hovudoppgåver for spesialisthelsetenesta, og blir i aukande grad nytta som ein del av pasienthandsaminga. I Noreg blir slike opplæringstiltak brukt ved einskilde avdelingar ved sjukehusa og ved Lærings- og meistringssentra (LMS). Gruppebaserte læringstilbod er ein utbreidd aktivitet og omfattar mange pasientar og pårørande.

Breitt kunnskapsgrunnlag
- Vi fann 15 systematiske oversikter der gruppeundervisning var jamført med individuell undervisning, ingen tiltak eller placebo, vanleg praksis, vanleg praksis eller venteliste eller inkje, sjølvhjelp eller handsaming. Gruppeundervisning er i all hovudsak gjeve i tillegg til vanleg handsaming eller oppfølging.

- Rapporten vår byggjer på eit breitt kunnskapsgrunnlag, og resultata varierer i retning og styrke på ei rekkje utfall. Det kan skuldast mange faktorar; kva som er rapportert, innhaldet og kvalitet i undervisninga og kvaliteten på studia, kor brukande gruppebaserte undervisningstiltak er, og sjukdomen sin varigheit, forklarar Vist.

Behov for meir forsking
Både målgrupper og tiltak i dei inkluderte oversyna varierer betrakteleg. Dei inkluderte studia gjev ikkje tilstrekkeleg informasjon til at ein kan gjere meiningsfull jamføring på tvers.

- Difor er det behov for meir forsking som vurderer effektar av ulikt innhald og varigheit av gruppeundervisning på helseutfall, pasienttilfredsheit, på bruk av helsetenester og på kostnader, avsluttar Gunn Vist.

Kontaktperson
Rapporten

Utskrift