Protonpumpehemjarar best mot alvorleg halsbrann
Sure oppstøt er til ein viss grad normalt, men for enkelte er symptoma så alvorlege at livskvaliteten vert redusert. Ein litteraturgjennomgang frå Kunnskapssenteret har vurdert om det er skilnad i effekt mellom ulike legemiddel for å lindre og tilheile lekkasje av mageinnhald til spiserøret. (14.06.06) (14.06.2006)
Undersøkingar frå Europa og USA har vist at minst 10 prosent av den vaksne befolkninga i periodar er så plaga at dei treng behandling.
Kva er studert?
Kunnskapssenteret har gjennomgått studiar der forskarane har samanlikna effekt av minst to av desse medisinane:
Protonpumpehemjarar (PPI)
- Omeprazol (Losec, Losec MUPS, Omeprazol)
- Pantoprazol (Somac)
- Lansoprazol (Lanzo, Lanzo Melt, Lanzoprazol)
- Esomeprazol (Nexium, Inexium)
H2-reseptorantagonistar
- Cimetidin (Tagamet, Cimal, Cimetidin)
- Ranitidin (Zantac, Ranitidin, Inside Brus)
- Famotidin (Pepcid Famotodin, Famotal,)
Kunnskapssenteret tok utgangspunkt i fleire systematiske oversikter over samanliknande studiar og supplerte med litteratur frå legemiddelfirma.
Hovudfunn
- Det var eit konsistent funn at protonpumpehemjarar hadde raskare og betre effekt på symptom samanlikna med H2-respetorantagonistar både ved akuttbehandling og vedlikehaldsbehandling.
- Det er ikkje vist skilnader mellom omeprazol, lansoprazol og pantoprazol når det gjeld symptomlindring eller tilheiling av øsofagitt.
- Esomeprazol 40 mg viste betre effekt samanlikna med omeprazol 20 mg og lansoprazol 30 mg. Esomeprazol 40 mg hadde noko høgare tilheilingsrate etter fire og åtter veker samanlikna med omeprazol 20 mg ved behandling av erosiv GØRS.
- Dei inkluderte studiane gir ikkje nok dokumentasjon for å konkludere om det er skilnad på esomeprazol 40 mg og pantoprazol 40 mg.
- Det finst lite informasjon frå samanliknande studiar om langtidsbiverknader
- Studiar med kort oppfølgingstid viste at førekomsten av alvorlege biverknader og fråfall av behandling på grunn av biverknader var låg. Det blei ikkje observert konsistente skilnader i biverknader mellom dei ulike protonpumpehemjarane, eller mellom H2-reseptorantagonistar og protonpumpehemjarar.
Ny rolle frå Stortinget
Litteraturgjennomgangen om gastroøsofageal reflukssykdom er det andre oppdraget Kunnskapssenteret har gjort for Statens legemiddelverk etter stortingsmeldinga om legemiddelpolitikken i mai 2005. Då fekk Kunnskapssenteret rollen som fagleg uavhengig miljø for legemiddelinformasjon.
Kunnskapssenterets oppgåve er å vurdere dokumentasjonen som finst om effekt, medan Legemiddelverket skal gi råd til brukarane om kva for legemiddel dei bør bruke.
-
Protonterapi
( Rapport fra Kunnskapssenteret nr 11 - 2006 )
