Protonterapi – betre forsking trengs
Protonterapi er ei form for strålebehandling som i teorien fører til færre biverknader enn tradisjonell stråleterapi. Men det må betre forsking til for å stadfeste behandlingseffekta av slik kreftbehandling.(02.11.06) (02.11.2006)
Ikkje i Noreg
- På verdsbasis er over 40 000 pasientar behandla med metoden. Protonterapi er ikkje tilgjengeleg i Noreg, men norske pasientar er behandla i utlandet, fortel forskingsleiar Inger Norderhaug, prosjektleiar for rapporten.
Stråleterapi har ei sentral rolle i behandling av kreft og er den behandlinga som nest etter kirurgi kurerer flest kreftpasientar. Under protonbehandling blir positivt lada kjernepartiklar, protonar, skutt inn mot svulsten. Ved tradisjonell stråleterapi brukar ein foton eller elektron.
Avgrensar stråledosen
Protonterapi gjer det mogleg å avgrense stråledosen til ønska område i langt større grad enn tradisjonell strålebehandling. Teoretisk sett gir protonbehandling difor færre biverknader og reduserer førekomsten av sekundærkreft som følgje av behandlinga.
Protonterapi tillet høgare stråledosar enn annan strålebehandling. Difor er dette i første rekkje eit tilbod til pasientar der vanleg strålebehandling ikkje tillet store nok stråledosar av omsyn til friskt vev rundt kreftsvulsten.
Få randomiserte studiar
Dokumentasjonen om behandlingseffekt er i hovudsak ikkje-kontrollerte studiar. Det er kun gjennomført eit fåtal randomiserte kontrollerte studiar, og kun ein av desse studiane rapporterer fullstendige data.
- I studiane som samanlikna protonbehandling med annan behandling var ikkje pasientgruppene like. I fleire studiar fekk pasientar med best prognose protonbehandling. Svært mange av publikasjonane hadde òg overlappande pasientmateriale, seier Norderhaug.
Prega av grunnforsking
Mange av pasientane som har fått protonterapi, er behandla ved grunnforskingslaboratorie og ikkje ved etablerte kliniske einingar. Dette har begrensa forskinga, og kan ha virka inn på kvaliteten til studiane.
- Difor bør det gjennomførast randomiserte kliniske studiar slik at den kliniske nytteverdien kan dokumenterast, seier Norderhaug.
Skandinavia
I Sverige er det nyleg vedteke å etablere eit nasjonalt senter for protonterapi som skal kunne behandle opptil 7 000 pasientar årleg. I Danmark er det gjort ei analyse av behovet for protonterapi. Denne rapporten er no ute på høyring. Det vert diskutert om dette er ei terapiform som og bør etablerast her til lands.
Rapporten er bestilt av styringsgruppa til Senter for medisinsk metodevurdering (SMM), som blei ein del av Kunnskapssenteret i 2004. Ei gruppe fagfolk med kompetanse innan strålefysikk, strålebiologi, onkologi og metodevurdering har jobba fram rapporten.
-
Protonterapi
( Rapport fra Kunnskapssenteret nr 11 - 2006 )
