Hopp til innhold
Nyheter - Ny rapport

Psykososiale tiltak ved katastrofer og store ulukker


Du er her: Forsiden » Nyheter 

Ein kan ikkje dra sikre konklusjonar om verknaden til psykososiale tiltak ved katastrofer og store ulukker. Det viser ein ny rapport frå Kunnskapssenteret. (05.10.2006)

Rapporten går gjennom forsking om effekten av psykososiale tiltak ved store ulukker, som transport- og industriulukker, og katastrofer. Ei ekstern ekspertgruppe med fem personar har bistått i arbeidet.

Lite forsking å finne
- Me fann få studiar på emnet, og i tillegg hadde desse studiane betydelege metodiske svakheiter. Samstundes er det dårlege vilkår for forsking i slike akutte situasjonar. Det gjer det vanskeleg å sei om psykososiale tiltak virkar eller ei, seier prosjektleiar Hege Kornør.

Psykososiale tiltak er i rapporten definert som tiltak helse- og sosialtenesta tek i bruk inntil eitt år etter potensielt traumatiserande ytre hendingar for å førebyggje traumerelaterte psykiske lidingar.

Mange typar tiltak
Totalt blei fjorten studiar inkludert i kunnskapsoppsummeringa. Fire forsøk handla om psykologisk debriefing (PD). To av desse studiane rapporterte om færre psykiske plager etter debriefing, men studiane var ikkje metodisk solide nok til å gi pålitelege resultat. I dei to andre PD-studiane fann ein ingen effekt av tiltaket.

Dei ti andre studiane som er med i rapporten handla om ulike former for psykososiale tiltak, som til dømes ”Eye Movement Desensitization and Reprocessing” (EMDR), ”Experiential Mastery Technique” og meir generelle psykoterapeutiske tiltak for grupper.

Også desse studiane viste ingen eller marginale skilnader i psykiske plager mellom dei som fekk eit tiltak og kontrollgruppene.

- Det er viktig å merke seg at vi heller ikkje fann tiltak som hadde ein dokumentert negativ effekt, seier Kornør.

Ny oppsummering undervegs
I løpet av hausten 2006 skal Kunnskapssenteret oppsummere forskingslitteratur om effekten av psykososiale tiltak ved mindre ulukker og kriser. I ein slik situasjon kan forskinga planleggast betre og den har betre vilkår.

- Vi håpar å finne metodisk betre studiar som gir oss klarare svar i den oppsummeringa, avsluttar Kornør.

Sosial- og helsedirektoratet bestilte rapporten, som skal brukast i direktoratet sitt arbeid med retningslinjer på området.

Relatert publikasjon

Utskrift