Hopp til innhold
Nyheter - Notat

Robotassistert kirurgi ved prostatakreft


Du er her: Forsiden » Nyheter 

Kunnskapssenteret har sett på dokumentasjonen for robotassisterte kikkholsteknikkar ved operasjon av prostatakreft. Sjølv om studiane rapporterer fleire fordelar ved robotassisterte teknikkar samanlikna med open kirurgi, er det behov for meir robust forsking for å avklare dette. (24.08.06) (24.08.2006)

Det viser eit notat frå Kunnskapssenterer der ein har vurdert studiar som samanliknar ulike kirurgiske teknikkar ved prostatakreft.

Prostatakreft er den hyppigaste kreftformen hjå menn. Om lag 3 000 norske menn får diagnosen årleg. Behandling kan være kirurgi eller strålebehandling. Ved omfattande kirurgi vert prostatakjertelen, sædleiarane og i nokre tilfelle lymfeknuter fjerna. Dette kan gjerast som open eller laparoskopisk kirurgi.

Fleire teknikkar i bruk
Laparoskopisk kirurgi kan til dømes utførast med Montesouris teknikk eller da Vinci robotsystem. Sistnemnde er ein robotassistert teknikk. Sjukehuset Telemark HF ba Kunnskapssenteret undersøke om litteraturen gir svar på kva for kirurgisk behandling som er mest nyttig og som gir minst biverknader ved prostatakreft.

Få og små studiar
Det finst ikkje resultat frå randomiserte kontrollerte studiar som har samanlikna effekt av robotassistert laparoskopisk kirurgi med open eller (standard) laparoskopisk kirurgi. Andre typar studiar som er gjort har metodologiske svakheiter. Det betyr at ein må vurdere resultata med varsemd.

Open versus robotassistert kirurgi
Både operasjonstid og talet på pasientar som får fjerna alt kreftvevet er svært like for dei to metodane. Det ser ut til at blodtapet blir mindre når robotassistert kirurgi vert nytta framfor open kirurgi. Det er rapportert færre komplikasjonar, mindre urininkontinens og betre seksualfunksjon etter robotkirurgi samanlikna med open kirurgi.

Robotassistert versus laparoskopisk kirurgi
Kun få studiar har samanlikna robotassistert laparoskopisk kirurgi med vanleg laparoskopisk kirurgi. I tillegg har dei få deltakarar. Det er difor vanskeleg å sei om den eine metoden er betre enn den andre.

Behov for meir forsking
- Dette er funn som bør vurderast i større prospektive studiar ettersom bakgrunnsmaterialet er lite og metodisk svakt, understrekar Inger Norderhaug ved Kunnskapssenteret.

Talet på kirurgiske inngrep ved prostatakreft er i overkant av 200 i året i følgje data frå Norsk pasientregister. Ein internasjonal metodevurdering ligg til grunn for dette notatet. I tillegg er det søkt etter randomiserte kontrollerte studiar (RCT) i Medline-databasen og andre databaser som inneheld informasjon om denne typen studiar.

Relaterte personer

Utskrift