Hopp til innhold
Nyheter - Nytt prosjekt

Samhandling om kronisk sjuke


Du er her: Forsiden » Nyheter 

Kunnskapssenteret har fått i oppdrag å lage ei systematisk oversikt om effekt av samhandling mellom sjukehus og kommunar ved utskriving av kronisk sjuke. (27.09.2011)

Ill: Stock.xchng
Ill: Stock.xchg

Les mer om prosjektet:

- Vi oppsummerar studium som undersøkjer effekt av samhandling mellom sjuke­hus og kom­mu­ne­helsetenesta i samband med utskriving av pasientar med kronisk sjukdom. Studium av pa­si­en­­tar med alle typar kroniske sjukdommar er aktuelle, seier seniorforskar og prosjektleiar Hilde H. Holte ved Kunnskapssenteret.

Tiltak for samhandling

Sam­handl­ings­til­taka kan vere av ad­mi­nis­trativ art, eller knytt til behandling eller opplæring. Mål for utfall kan vere pasienten sin livskvalitet og oppleving av kvaliteten på behandlinga, eller vere knytt til sjukehuset eller kom­munehelsetenesta si bruk av ressursar, sam­handlingskvalitet, kompetanseutvikling eller gjeninnlegging.  

Dokumentert samhandling

For å bli inkludert i prosjektet, må tiltaket dokumentere korleis sam­hand­ling skjedde.

- Vi vil inklu­dere stu­dium kor minst ein representant for sjukehuset samhandlar med minst ein re­pre­sen­tant for kom­munehelse­tenesta. Det kan også være avdelingar eller større einingar som del­tar i sam­handlingstiltaket, avsluttar Holte.

Oversikta er bestilt av Diakonhjemmet sykehus, og skal etter planen vere ferdig i desember 2012.


Utskrift