Stort behov for forsking om å førebyggje sjølvmord
Ein rapport frå Kunnskapssenteret om førebyggjing av sjølvmord (del 2) viser at tiltak som til dømes brev og telefonkontakt, tverrfaglege team og ulike beskyttande tiltak for pasienten så langt ikkje har vist dokumentert effekt. (25.01.2007)
- Me fann få studiar, og fleirtalet av desse inkluderte få pasientar. I tillegg var mange av dei metodisk svake. Rapporten syner at det er eit stor behov for forsking. Det er vanskeleg å slå fast kva for tiltak som har effekt på bakgrunn av dette kunnskapsgrunnlaget, seier prosjektleiar Kurt I. Myhre.
Dette er delrapport to frå Kunnskapssenteret om førebyggjing av sjølvmord i spesialisthelsetenesta. Del ein kom i 2006 og tok føre seg psykoterapi, medikamentell terapi og elektrokonvulsiv terapi (ECT).
Tre hovudkategoriar
Tiltaka rapporten vurderer er svært ulike, men dei kan plasserast i tre hovudkategoriar:
- betre kontinuitet i behandling og oppfølging av pasientane
- fjerne tersklar og betre tilgangen til behandling
- beskytte pasientane
- Rapporten bygger på oversikter som er utarbeidd ved andre sentra. Desse fann me gjennom systematiske søk i medisinske databaser, seier prosjektleiaren.
Kontinuitet
Fleire studiar har undersøkt ulike tiltak som har til hensikt å fremje kontakten mellom pasienten og det psykiske helsevernet. Men studiane om behandlingskjedetiltak er ikkje gode nok til at ein kan slå fast om dette har effekt.
Ein studie viste at brevkontakt for å følgje opp lite behandlingsmotiverte pasientar hadde sjølvmordsførebyggjande effekt. Kortvarig telefonkontakt viste ikkje effekt. Langtids telefonoppfølging kan ha primærførebyggjande effekt for eldre kvinner.
Ifølge forskinga er det ikkje dokumentert at oppfølging ved psykiatrisk sjukepleiar etter kortvarig sjukehusopphald har effekt. Ein case- control studie viste at reduksjon av behandlingstilbodet auka faren for sjølvmord.
Lett tilgang
Det finst ulike variantar av ”grøne kort”. Desse gir lett tilgang til lege eller terapeut for personar som har vore i kontakt med allmennlegevakt eller som har vore innlagde i somatiske sjukehus etter sjølvmordsforsøk. Men ingen av studiane om grønt kort viste statistisk signifikant effekt av tiltaket.
Oppfølging av pasientar med ei alvorleg psykisk liding gjennom lokalt baserte psykiatriteam ser ut til å redusere talet på sjølvmord. I norsk psykisk helsevern er distriktspsykiatriske sentra det næraste ein kjem dette.
Klinikarar må ta vanskelege val når dei skal avgjere om ein pasient bør behandlast poliklinisk eller leggast inn på psykiatrisk sengepost. Det blei ikkje funne studiar som gir svar på kva for pasientar som bør innleggjast ved sjølvmordsfare.
Å beskytte pasienten
Det blei ikkje funne studiar som har undersøkt effekten av ulike tiltak for å beskytte pasienten ved sjølvmordsatferd.
Beskyttelsestiltak dreier seg om å begrense tilgangen til farlege middel, fysiske sikringstiltak i institusjonar, ”ikkje-sjølvmordskontrakt” og ulike former for overvaking.
Alvorleg folkehelseproblem
Noreg hadde låg sjølvmordsrate samenlikna med andre land fram til 1970-tallet. Etter dette kom det ein auke, før talet på sjølvmord igjen gjekk ned frå starten av 1990-åra.
Det vert no registrert om lag 525 sjølvmord per år i Noreg, men det er grunn til å tru at dette offisielle talet er 10-25 % for lågt, mellom anna på grunn av manglar ved registreringssystemet.
Sosial- og helsedirektoratet har bestilt rapportane, som skal brukast som grunnlagsmateriale for utarbeiding av nasjonale retningsliner.
Kontaktperson:
Forskingsleiar
Inger Norderhaug,
tlf 93 29 28 95
-
Forebygging av selvmord, del 2
( Rapport fra Kunnskapssenteret nr 04 - 2007 ) -
Forebygging av selvmord, del 1: Psykoterapi, medikamentelle intervensjoner og elektrokonvulsiv terapi
( Rapport fra Kunnskapssenteret nr 24 - 2006 )
