Treng oppsummert forsking til hjelp mot helsepersonellkrisa i fattige land
I mange fattige land er det akutt mangel på kvalifisert helsepersonell, og styresmaktene treng å vite kva som er effektive åtgjerder. Men då trengst meir systematisk oppsummert kunnskap, konkluderer ei internasjonal forskargruppe. (13.03.2008)
Låg løn, dårleg oppfølging, lite støtte og utilfredsstillande arbeidstilhøve er truleg med å skape låg motivasjon, høgt fråver og akutt mangel på kvalifiserte helsearbeidarar i mange fattige land, og særleg ute på landsbygda.
Afrika sør for Sahara er truleg verst råka av denne helsepersonellkrisa.
Hjelp til å trekkje ut essensen
Dei som tek dei overordna politiske avgjerslene, treng hjelp til å finne forskinga på området og trekkje ut essensen, slik at dei kan gjere gode val. Særleg viktig er dette for dei fattige landa der dei har minst råd til å feile.
Systematiske kunnskapsoppsummeringar ville kunne auke tilliten hjå helsepolitikarar til å sjå kva effekt dei kan vente av ulike alternativ som ligg føre, skriv ei internasjonal gruppe forskarar, der Gunn Vist frå Kunnskapssenteret har vore med. Artikkelen stod nyleg på trykk i det britiske tidsskriftet Lancet.
Det er utvikla verkty for å setje saman og oppsummere effekten av ulike alternative tiltak for å forbetre ulike delar av helsevesenet, men ikkje for systemet som heilskap. Forskarane har difor gjennomgått dei verktya som finst og tilpassa dei, utvida og kombinert dei slik at dei no passar betre til kva dei treng å vite i land med låg og middels inntekt.
Lite forsking med relevans
Det nye verktyet har forskarane så brukt i ein gjennomgang av aktuell forsking. Dei søkte i dei store engelskspråklege forskingsdatabasane og fann 759 systematiske oversiktar, men berre 28 som var relevante for problemstillingane. Berre nokre få hadde med studiar frå land med låg og middels inntekt, og nokre av oversiktane var av låg kvalitet.
Forskarane delte inn tiltaka i seks hovudgrupper:
- opplæringstiltak
- reguleringsmekanismar
- økonomiske mekanismar
- organisatoriske mekanismar
- lokal medverknad
- makropolitikk og mekanismar i andre sektorar
Dei sjekka så effekten av tiltaka på desse fire områda:
- tilgang på helsearbeidarar
- fordeling av helsearbeidarar
- effektiv bruk av helsearbeidarar
- utføringa av arbeidet til helsearbeidarar
Deretter graderte dei kvaliteten, omfanget av og relevansen til dei ulike oversiktane.
Låg overføringsverdi
Hovudkonklusjonen til forskarane er at det er gjort for lite systematisk kunnskapsoppsummering av effektar av politiske tiltak for å betre helsepersonellstoda i land med låg og middels inntekt.
Det meste av forskinga som er gjort til nå, kjem frå rikare land, og det er ikkje alltid råd å overføre kunnskapen til land med heilt andre tilhøve.
Til dømes vil effekten av det å betale privatpraktiserande legar ut frå innsatsen krevje kapasitet til å forvalte systemet, og fattige land har for lite personell med utdanning til å forvalte slike ordningar, skriv forskarane.
Lekfolk har ei rolle
Blant tiltaka som forskarane fann hadde godt kunnskapsgrunnlag, var å setje inn lekpersonar i staden for profesjonelle i oppgåver med å følgje opp at tuberkulosepasientar tek medisinen sin, at ungar vert vaksinerte og sikre at mødre fortset å amme ungane etter seks månader.
-
Gunn Elisabeth Vist
Seksjonsleder / Forsker, Kunnskapssenteret
