Usikkert om fysisk trening har effekt på aktivitet og deltaking hos barn og unge med nedsett funksjonsevne
Det er usikkert om fysisk trening har effekt på aktivitet og deltaking hos barn og unge med nedsett funksjonsevne. Det viser ein rapport som nyleg er utgjeven frå Kunnskapssenteret. (23.11.2011)
Les hele publikasjonen: Effekter av fysisk trening hos barn og unge med habiliteringsbehov
Åtte systematiske oversikter om kva for effektar fysisk trening har på aktivitet og deltaking hos barn og unge med habiliteringsbehov, er inkludert i rapporten. Med ”aktivitet” forstår vi korleis barnet utfører oppgåver og handlingar mens ”deltaking” er kor engasjert barnet er i ulike livssituasjonar.
Ingen sikre svar
- Det er usikkert om fysisk trening som kondisjonstrening og styrketrening kan bidra til økt aktivitet hos barn og unge med habiliteringsbehov, det vil seie om dei utfører oppgåver betre. Ingen av dei systematiske oversiktene gir gode svar på om fysisk trening i form av leik og sosiale aktivitetar som aktivitetar i vatn og terapiriding, bidrar til at denne gruppa utfører oppgåver betre. Deltaking, og kva slags effektar fysisk trening har på ho, er i liten grad dokumentert, seier Marita Sporstøl Fønhus, forskar ved Kunnskapssenteret.
Lav kvalitet
Kvaliteten på den samla dokumentasjonen er vurdert som lav eller svært lav.
- Det betyr ikkje at fysisk trening ikkje har effekt på aktivitet og deltaking hos barn og unge med habiliteringsbehov, men at det er usikkert om resultata er til å stole på, seier Fønhus.
-
Marita Sporstøl Fønhus
Forsker, Kunnskapssenteret
