Vitenskapelig artikkel 2008

Rating quality of evidence and strength of recommendations GRADE: an emerging consensus on rating quality of evidence and strength of recommendations

( 09.06.2008 )
>Hovedfunn | Hele publikasjonen (ekstern lenke)
Du er her: Forsiden » Publikasjoner
Gordon H Guyatt, Andrew D Oxman, Gunn E Vist, Regina Kunz, Yngve Falck-Ytter, Pablo Alonso-Coello, Holger J Schünemann, for the GRADE Working Group . Vitenskapelig artikkel 2008.BMJ 2008;336:924-926

Oppsummering:

Når kvaliteten på forskingsfunn ikkje er vurdert, kan ein ende opp med gale tilrådingar, slik det skjedde då kvinner i overgangsalderen vart tilrådde å bruke østrogentilskott.

Når det ligg føre evidens av høg kvalitet på at dei ønska effektane er klårt betre eller klårt dårlegare enn dei uønska effektane, fordrar dette ei sterk tilråding.

Dersom ein er usikker på avvegingane (fordi evidensen har låg kvalitet eller dei ønska og uønska effektene har omtrent lik vekt), fordrar dette ei svak tilråding.

Faglege retningsliner bør informere helsepersonell om kva kvaliteten er på evidensen som ligg til grunn, og om tilrådinga er sterk eller svak.

GRADE-systemet (The Grading of Recommendations Assessment, Development and Evaluation) er kjenneteikna ved at det rangerer kvaliteten på evidensen og styrken i tilrådingar på ein eksplisitt, omfattande, open og pragmatisk måte. GRADE-systemet vert  i aukande grad tatt i bruk av organisasjonar verda rundt.


Utskrift

IN ENGLISH
Rating quality of evidence and strength of recommendations GRADE: an emerging consensus on rating quality of evidence and strength of recommendations
1-page key messages
KONTAKTPERSONER