Forskingsoversikter

Kunnskapssenteret summerer opp effekt av tiltak og kostnader ved behandling, førebyggjande tiltak, diagnostisering, habilitering, rehabilitering og ulike måtar å organisere helsetenesta på.

I ei forskingsoppsummering blir forskingsresultata som ligg føre om ei bestemd problemstilling, samanfatta.

Eit eksempel på ei problemstilling er: Kva effekt har screening når det gjeld tarmkreft?

Resultatet av forskingsoppsummering kallar vi ei forskingsoversikt.

Vi utarbeider fleire former for forskingsoversikter med meir som varierer med omsyn til tid og innsats:

 Oversiktene våre blir utarbeidde på oppdrag gjennom fleire tingingsprosessar  

 

Metodevurdering (HTA-rapport)

Ei metodevurdering er ei systematisk oversikt over effekt og tryggleik av ein ny metode med minst eitt av desse tillegga:

  • Helseøkonomisk evaluering  
  • Vurdering av etiske eller juridiske konsekvensar av å innføre tiltaket eller behandlinga
  • Vurdering av organisatoriske eller sosiale konsekvensar av å innføre tiltaket eller behandlinga

 Med metode forstår vi alle typar av tiltak i helsetenesta, både legemiddel, samansette kliniske tiltak og organisatoriske endringar.

På engelsk kallar vi ei metodevurdering for Health Technology Assessment publication, i kortform HTA publication.

Kunnskapssenteret leverer to ulike metodevurderingsprodukt innafor «Nasjonalt system for innføring av nye metoder i spesialisthelsetjenesten»:

Fullstendig metodevurdering

  • Kunnskapssenteret utarbeider systematiske oversikter over effekt og tryggleik samt ei helseøkonomisk evaluering av den nye metoden. I tillegg ser ein når det trengst, på andre konsekvensar av å innføre metoden. Alle fullstendige metodevurderingar innafor «Nasjonalt system» er det Kunnskapssenteret som gjer.

Hurtig metodevurdering

  • Kunnskapssenteret vurderer dokumentasjon for effekt, tryggleik og kostnadseffektivitet som oftast er samanfatta av produsenten av ein ny metode. Kunnskapssenteret har ansvar for å utarbeide alle hurtige metodevurderingar for metoder som ikkje er legemiddel. Til vanleg skal metodevurderinga vere utarbeidd innan 180 dagar frå mottak av samanfatta dokumentasjon frå produsenten.

Det finst fleire internasjonale organisasjonar for samarbeid innan metodevurdering:

  • EUnetHTA (EUs nettverk for metodevurderingar)
  • HTAi (Health Technology Assessment international)

 

Helseøkonomiske evalueringar

Helseøkonomiske evalueringar samanliknar alternative helsetiltak og vurderer ressursbruk og effekt samla ved å presentere resultata i form av kostnad per gevinsteining. Evalueringane byggjer ofte på modellanalyser og blir utarbeida på bakgrunn av norske kostnader, risiko og førekomst av sjukdom i Noreg samt at effekten av tiltaket eller tiltakane under evaluering skal komme frå ei systematisk oversikt av høg kvalitet.  

Helseøkonomiske evalueringar vil normalt inngå som ein del av dei fullstendige metodevurderingane. Slike evalueringar krevst også som ein eigen del av dei hurtige metodevurderingane.

 

Metodevarsel

Metodevarsel er korte, norske omtaler av nye metodar som ein går ut frå er særleg viktige og aktuelle for innføring i Noreg. Metodevarsla gjer greie for tilgjengeleg informasjon om effekt, tryggleik og helseøkonomiske konsekvensar av nye metodar. Eit metodevarsel inneheld ikkje ei vurdering av informasjonen, men undersøkjer om han kan gi grunnlag for ei metodevurdering.  

MedNytt er den nasjonale databasen for metodevarsel.

Sjå òg Den nasjonale databasen for mini-metodevurdering, som inneheld forenkla metodevurderingar utført lokalt av tilsette i spesialisthelsetenesta. 

 

Systematisk oversikt

For å kunne kallast systematisk må ei oversikt oppfylle nokre krav:

  • Bruke og oppgi søkjestrategi ved søk etter relevant litteratur.
  • Bruke klare kriterium for inklusjon.
  • Vurdere kvaliteten på inkluderte studiar og oversikter.
  • Samanfatte og gradere dokumentasjonen

Les meir om forskingsoppsummering i metodehåndboka "Slik oppsummerer vi forskning"

Kunnskapssenteret produserer systematiske oversikter til nasjonale beslutningar og til bruk i klinisk praksis. For å byggje den globale basen av forskingsoversikter, publiserer Kunnskapssenteret systematiske oversikter til databasane i Cochrane Collaboration og Campbell Collaboration.

 

Systematisk litteratursøk med sortering

Eit systematisk litteratursøk med sortering er resultatet av å søkje etter relevant litteratur om ei problemstilling ifølgje ein søkjestrategi og sortere dei relevante treffa frå søket i grupper presentert med referansar og vanlegvis eit samandrag.

Søkjestrategien er ei eksplisitt samanstilling av termar brukt for å finne relevant litteratur i oppgitte kjelder og definerte tidsrom.

Kvaliteten på litteraturen vi finn gjennom søket blir ikkje vurdert i eit systematisk litteratursøk, vi leser heller ikkje litteraturen i full tekst. 

 

Hurtigoversikt

Ei hurtigoversikt er resultatet av å samanfatte forskingsbasert kunnskap med kort tidsfrist og med mindre omfattande metode enn ved ei systematisk oversikt. Til dømes mindre omfattande søkjestrategi, søk i færre litteraturbasar, ingen gradering av studiekvaliteten, ikkje vurdert av ekstern fagfelle eller enklare intern kvalitetssjekk av prosjektplanen.

 

(http://www.kunnskapssenteret.no/om-oss/hva-vi-gjor/Forskingsoversikter)