Formidling av forskingsresultat er ein integrert aktivitet i alle prosjekta våre.

To hovudkanalar

Vi har to hovudkanalar for formidling av forskingsresultat – Kunnskapssenterets heimeside www.kunnskapssenteret.no og www.helsebiblioteket.no.

www.kunnskapssenteret.no finn du alle våre publikasjonar. Vi populariserer stoff om forsking gjennom eigne nyhende som blir lagde ut på nettsidene og sende ut i nyhendebrev. Du kan melde deg på nyhendebrevet frå forsida vår.

Pressekontakt

Open postjournal

Helsebiblioteket.no er ei kunnskapsteneste for helsepersonell og studentar innan medisin og helsefag. Målet med tenesta er å heve kvaliteten på helsetenestene ved å gi helsepersonell fri tilgang til nyttig og påliteleg kunnskap.

Formidling av andres forsking

Kunnskapssenteret lagar omtalar av  forskingsoversikter henta frå Cochrane Library og Campbell Library, av metodevurderingar (Health Technology Assessments) henta frå søsterorganisasjonar i andre land gjennom nettverket INAHTA og forskingsartiklar henta frå internasjonale tidsskrifter. Omtalene blir publiserte etter avtale i fagblad og på våre nettsider. Omtalar av metodevarsel publiserer vi gjennom mednytt.no.

(http://www.kunnskapssenteret.no/om-oss/hva-vi-gjor/formidling)