Kurs, seminar og konferansar

Kunnskapssenteret samarbeider med utdanningsinstitusjonane, helsetenesta og forvaltninga for å styrkje kompetansen innan arbeidsområda våre.

Vi tilbyr kurs, seminar og konferansar for lærarar ved universitet og høgskular, bibliotekarar, studentar i grunn-, vidare- og etterutdanning, helsepersonell og forvaltning. 

Kurs i kunnskapsbasert praksis

Vi har to hovudkurs i kunnskapsbasert praksis:

  • Forskning ved fjæra:
    Ein workshop med fordjuping i kunnskapsbasert praksis, det vil seie metodar for å finne, vurdere og bruke oppdatert forsking. Deltakarane arbeider i små grupper med rettleiar. I tillegg er det forelesingar i plenum, tid til sjølvstudiar og opplæring og øving i litteratursøk.  
  • Nettkurs i kunnskapsbasert praksis

 

I tillegg held vi kurs som varer kortare i kunnskapsbasert praksis. Kontakt liv.merete.reinar@kunnskapssenteret.no dersom du er interessert i dette.  

Kurs i fagprosedyrar

Vi arrangerer eit innføringskurs i korleis ein kan laga kunnskapsbaserte fagprosedyrar. Kurset rettar seg mot leiarar på alle nivå, forskarar og helsepersonell som arbeider med eller skal arbeide med fagprosedyrar. Kontakt karin.borgen@kunnskapssenteret.no dersom du er interessert i dette.

Andre seminarer og kurs 

I tillegg tilbyr vi ulike seminar og kurs. Følg med på kursa og konferansane våre.

(http://www.kunnskapssenteret.no/om-oss/hva-vi-gjor/kurs-seminarer-konferanser)