Kunnskapssenteret utviklar og formidlar metodar for kvalitetsbetring og metodeevaluering

Det er eit mål at avgjersler om kvalitetsbetring og organisering av helsetenesta skal ha forskingsbasert kunnskap som grunnlag. Derfor arbeider vi med spørsmål om effekten av tiltak for kvalitetsbetring.

Vi støttar betringsprosessar i helse- og omsorgstenesta. Det kan vere organisatoriske grep, prosjekt for kvalitetsbetring eller tiltak for å førebyggje sjukdom.

Kunnskapssenteret har ansvaret for satsinga «Gode pasientforløp», som er ei oppfølging av kvalitetsavtalen mellom Helse- og omsorgsdepartementet og KS.

Vårt mandat er å implementere Nasjonal strategi for kvalitetsforbedring (2005−2015) ...og bedre skal det bli! ved å tilby rettleiing i betringsarbeid på sjukehus, innan kommunale tenester og i prosjekt der målet er å betre samhandlinga mellom tenestenivå.

Vi arrangerer òg kurs i metodar og verktøy som skal betre kvaliteten i helsetenesta.

Nettportal for kvalitetsbetring

Kontaktperson: Anders Vege

Eksempel på kva vi gjer innan kvalitetsbetring:

www.pasientforløp.no

www.lystpalivet.no

Metodar og verktøy for kvalitetsbetring

 

 

(http://www.kunnskapssenteret.no/om-oss/hva-vi-gjor/kvalitetsforbedring)