Kvalitetsmåling og analyse

Kvalitetsmåling går ut på å gjere objektive målingar av prosessar og resultat i helsetenesta og kartleggje brukarane sine røynsler med helsetenesta og korleis brukarane vurderer effekten av behandlinga. I tillegg gjer vi analysar av helsetenesta og samanliknar med andre land.

Dette gjer vi gjennom arbeid med:

Kvalitetsindikatorar

Kvalitetsindikatorar er ein måte å måle kvaliteten på helsetenesta på.

Mange område innan helsetenesta manglar mål på kvalitet, og derfor arbeider vi kontinuerleg med å utvikle og etablere nye kvalitetsindikatorar.

Mange aktuelle indikatorar er utvikla i land med andre helsesystem og eit anna datagrunnlag. Det er derfor ei viktig oppgåve for oss å prøve ut og tilpasse indikatorar til norske forhold.

Helsedirektoratet sine sider om kvalitetsindikatorar 

Vi utarbeider og måler indikatorar for 30 dagars overleving på sjukehus 

 

Undersøking av brukarerfaring

Utgangspunktet for undersøkingane av brukarerfaring er at brukarane har viktige erfaringar og synspunkt på dei fleste områda av helsetenesta. 

Vi har ansvaret for nasjonale undersøkingar av brukarerfaring, PasOpp-undersøkingar, som blir gjennomførte med spørjeskjema blant pasientar, brukarar, klientar, føresette, pårørande og samarbeidspartnarar.

Formålet med å gjennomføre undersøkingar av brukarerfaring er mangesidig. Resultata kan gi:

  • innsikt for publikum i ytingane til helsetenesta i samfunnet og helsepolitisk samanheng
  • verktøy for styring og leiing i helsetenesta
  • verktøy for arbeid med kvalitetsbetring i helsetenesta
  • støtte til forbrukarval som informasjonskjelde når pasientar og helsepersonell skal velje mellom leverandørar av helsetenester

Vi analyserer dei innsamla data og formidlar resultata til mellom anna Fritt sykehusvalg.

Resultata frå undersøkingane blir gitt ut i publikasjonsserien PasOpp-rapport fra Kunnskapssenteret

Samanlikningar med andre land

Kunnskapssenteret publiserer overordna analysar av det norske helsetenestesystemet basert på eigne målingar og ved å samanstille data frå andre kjelder. Analysane kan ha eit reint nasjonalt perspektiv, eller dei kan samanlikne ulike land.

Hovedpublikasjonane er desse:

(http://www.kunnskapssenteret.no/om-oss/hva-vi-gjor/kvalitetsmaling-og-analyse)