Sekretariatsfunksjonar

Kunnskapssenteret utfører og husar fleire sekretariatsfunksjonar, blant anna for Campbell Collaboration.

 

The Campbell Collaboration

Kunnskapssenteret husar og gir driftsstøtte til hovudkontoret for det internasjonale forskarnettverket The Campbell Collaboration. Campbell-samarbeidet produserer systematiske oversikter om forsking på effekten av tiltak innan felta sosial velferd, justis, utdanning og internasjonal utvikling. Leiar for hovudkontoret er Howard White.

 

The Cochrane Collaboration – norsk grein

Den norske delen av det nordiske Cochrane-senteret er ein del av det internasjonale Cochrane-samarbeidet og har base hos Kunnskapssenteret. Cochrane-samarbeidet har som mål å hjelpe beslutningstakarar med å ta informerte avgjersler om helsetiltak ved å utarbeide, oppdatere og formidle systematiske oversikter om effekten av helserelaterte tiltak.  Den norske greina er ansvarleg for å gjere Cochrane-oversikter kjent og brukt og støtte oversiktsforfattarar i Noreg. Ein av hovudaktivitetane til det norske Cochrane-miljøet er å utvikle måtar å presentere resultata frå Cochrane-oversikter på, slik at dei lettare kan takast i bruk. Claire Glenton leiar arbeidet.

 

The Cochrane Collaboration – EPOC-satelitt

Kunnskapssenteret husar den norske redaksjonen i Cochrane Effective Practice and Organisation of Care Review Group (EPOC). EPOC-redaksjonen støttar produksjonen av systematiske oversikter som ser på tiltak retta mot helsetenesta, helsepersonell og helsesystem. Den norske satellitten til EPOC ser spesielt på oversikter som er skrivne av forfattarar i låg- og mellominntektsland, og på tema som er relevante for desse landa. Andy Oxman leiar gruppa.

 

(http://www.kunnskapssenteret.no/om-oss/hva-vi-gjor/sekreteriatsfunksjoner)