Eit forskingsprosjekt for bruk av metodevurderingar på sjukehus.

AdHopHTA (Adopting Hospital Based HTA in EU) er eit forskingsprosjekt i EU. Hovudformålet med AdHopHTA er å styrkje bruken av og kvaliteten på metodevurderingar (HTA) på sjukehusnivå ved hjelp av praktisk kunnskap og verktøy som prosjektet bringer fram. 

AdHopHTA har ti partnarar, som alle bidreg i ulike arbeidspakkar. Kunnskapssenteret arbeider med samhandling mellom sjukehusbasert HTA og nasjonale/regionale HTA-aktivitetar i samarbeid med dei finske partnarane Hospital District of Helsinki and Uusimaa, HUS.

Målet er å kartleggje og analysere samarbeidsmåtar mellom nasjonale/regionale HTA-senter og sjukehusbaserte HTA-aktivitetar, slik at dei ulike HTA-nivåa i større grad kan dra nytte av kvarandre. For å oppnå dette har vi gjennomført ei spørjeundersøking i alle AdHopHTA-landa samt utført to kasusstudiar med høvesvis Noreg og Finland som kasus.

(http://www.kunnskapssenteret.no/om-oss/internasjonalt-samarbeid/AdHopHTA)