Commonwealth Survey er ei årleg internasjonal spørjeundersøking i regi av Commonwealth Fund med varierande tema innan helsetenestene. Noreg deltok første gong i 2009.

Commonwealth Fund gjennomfører årlege internasjonale spørjeundersøkingar. Desse blir rullerte i eit treårig mønster, der undersøkingane blir gjennomførte i ulike populasjonar; allmennlegar, vaksne over 55 år (endra frå sjukare vaksne) og generell vaksen befolkning. Innanfor desse populasjonane blir det tilfeldig trekt ut eit representativt utval som blir invitert til å svare på undersøkinga. Det same spørjeskjemaet blir brukt i alle landa som deltek, og dette gjer det mogleg å samanlikne landa.

Kunnskapssenterets siste Commonwealth Fund rapport

The Commonwealth Fund

The Commonwealth Fund er ei amerikansk stifting med formål å fremje gode helsetenestesystem med betre tilgjengelegheit, kvalitet og effektivitet, særleg for dei mest sårbare medlemene av samfunnet.

Stiftinga støttar uavhengig forsking på helsespørsmål.

Kunnskapssenteret samarbeider òg med Commonwealth Fund gjennom stipendordninga Harkness Fellow.

(http://www.kunnskapssenteret.no/om-oss/internasjonalt-samarbeid/commonwealth-survey)