Europeisk samarbeid om metodevurderingar.

EUnetHTA, European network for Health Technology Assessment, er eit vitskapleg og prosjektbasert nettverk som har som mål å utvikle system for effektivt og berekraftig samarbeid for metodevurderingar (HTA) i Europa.

Kunnskapssenteret har vore med sidan nettverket starta opp i 2006. Arbeidet har vore organisert i tre etterfølgjande prosjekt støtta av EU-kommisjonen.

35 organisasjonar frå 25 land deltek i dag i det tredje prosjektet, EUnetHTA Joint Action 2, som varer ut 2015.

Mens dei første prosjekta fokuserte på å utvikle reiskap for samarbeid, er målet for det pågåande prosjektet opplæring i bruk av reiskapane, utprøving og drift av reiskapane og utvikling av rettleiarar for arbeidet med metodevurderingar.

(http://www.kunnskapssenteret.no/om-oss/internasjonalt-samarbeid/eunethta)