European Observatory on Health Systems and Policies

Internasjonalt partnarskap for kunnskapsbasert helsepolitikk.

The European Observatory on Health Systems and Policies er eit internasjonalt partnarskap i regi av WHO sitt regionkontor for Europa, der Kunnskapssenteret representerer Noreg. Organisasjonen skal støtte og fremje kunnskapsbasert helsepolitikk ved omfattande og grundige analysar av helsesystema i Europa. The Observatory publiserer systematiske oversikter for kvart enkelte land samt tematiske studiar, policybriefs og analysar av helsesystem. Fleire ikkje-europeiske land som Japan, Canada og USA deltek aktivt.

I 2013 hadde Kunnskapssenteret for første gong ansvaret for å skildre det norske helsetenestesystemet i rapportserien Health Systems in Transition (HIT). Rapporten er på engelsk og inneheld ei detaljert skildring av helsesystemet, etablerte helsereformer og nye initiativ. Rapporten er òg publisert på norsk.

The Health Systems and Policy Monitor (HSPM) er eit internasjonalt nettverk for medlemslanda. Nettverket driftar ein nettstad med relevante oppdateringar av informasjonen i HiT-rapportane, og ein kan lage eigne avgrensa rapportar ved å velje informasjon og land ein ønskjer å samanlikne. 

(http://www.kunnskapssenteret.no/om-oss/internasjonalt-samarbeid/european-observatory-on-health-systems-and-policies)