INAHTA er eit internasjonalt nettverk for nasjonale og regionale organisasjonar som arbeider med metodevurderingar (HTA). Nettverket utviklar og kvalitetssikrar denne internasjonale arbeidsforma og spreier kunnskap frå konkrete rapportar.

Kva er metodevurdering?

Metodevurderingar er systematiske oppsummeringar og vurderingar av vitskapleg litteratur om effekten av medisinske og helsefaglege tiltak og kor trygge dei er. I tillegg inneheld ei metodevurdering òg analysar av konsekvensar ved å innføre ein ny metode eller endre praksis.  Dette kan vere analysar av økonomiske, organisatoriske, etiske og juridiske konsekvensar for pasient og samfunn.  Internasjonalt blir dette kalla for Health Technology Assessment (HTA). Metodevurderingar viser eit samla kunnskapsbilete og er derfor nyttige for både klinikarar og helsepolitiske beslutningstakarar.

Nettsidene til INAHTA


INAHTA arbeider for å:

- fremje samarbeid og kunnskapsdeling blant medlemsorganisasjonane
- formidle nytten av metodevurderingar til ulike målgrupper 
- hindre unødig dobbeltarbeid

I samarbeid med the Centre for Reviews and Dissemination (CRD) driftar INAHTA ein database med oversikt over ferdigstilte metodevurderingar og prosjekt som er sette i gang.

Korleis arbeider INAHTA?

Medlemene har eitt felles årleg møte, men samarbeider i løpet av året i ulike arbeidsgrupper. Gruppene arbeider for eksempel med å utvikle internasjonalt samarbeid, utvikle metodar og ressursar og støtte til nye organisasjonar.

Nokre satsingar framover:

- styrkje arbeidet i dei ulike arbeidsgruppene 
- betre utnyttinga av arbeid mellom dei ulike medlemene
- utdanning og trening i HTA
- arbeide for å oppnå tettare samarbeid med andre internasjonale organisasjonar

(http://www.kunnskapssenteret.no/om-oss/internasjonalt-samarbeid/inahta)