OECD har som målsetting å fremje politikk som betrar økonomiske og sosiale levekår for menneske over heile verda. Ved å måle, analysere og samanlikne resultat for ulike land ser ein etter trendar for framtidige løysingar som kan bidra til betre helsetenester.

OECD (Organisation for Economic Co-operation and Development)   publiserer annakvart år ein rapportserie, Health at a Glance, som gir ei oversikt over helse og kvalitet i helsetenesta i medlemslanda. Kunnskapssenteret gir ut ein eigen kommentarrapport som tek for seg viktige trekk ved den norske helsetenesta sett i forhold til helsetenesta i andre OECD-land. Statistisk sentralbyrå leverer mellom anna data frå helserekneskapen til OECD.

I 2002 starta eit felles kvalitetsindikatorprosjekt (HCQI) mellom OECD, EU-kommisjonen og Verdas helseorganisasjon (WHO). Formålet med prosjektet er å utvikle internasjonale analysar av kvalitet i helsetenesta. Noreg har delteke i ekspertgruppa, og Kunnskapssenteret har bidrege både i den og i fleire undergrupper, for eksempel brukarerfaringar og pasienttryggleik frå 2007. Kunnskapssenteret leverer data om kvalitet og pasienttryggleik i helsetenesta. 
Norsk helseteneste sammenlikna med andre OECD-land

(http://www.kunnskapssenteret.no/om-oss/internasjonalt-samarbeid/oecd)