The Cochrane Collaboration

Cochrane-samarbeidet er ein internasjonal, ideell organisasjon som har som mål å hjelpe folk med å ta velinformerte avgjersler i spørsmål knytte til helse og sjukdom.

Dette skjer gjennom å utarbeide, oppdatere og sikre lett tilgang til systematiske oversikter om effekten av ulike helsetiltak. Målgruppa for verksemda er både pasientar, publikum, helsepersonell, politikarar og helsestyresmakter.

Cochrane-oversikt

Ei Cochrane-oversikt er ei systematisk oppsummering av det som finst av dokumentasjon på effekten av eit helsetiltak. Formålet med Cochrane-oversikter er å bidra til å kunne ta velinformerte avgjersler på alle nivå i helsetenesta.

I tilfelle der vi manglar dokumentasjon på effekten av eit tiltak, kan ei Cochrane-oversikt vere med på å avklare om det trengs vidare forsking.

Cochrane-oversikter blir publiserte i Cochrane Database of Systematic Reviews eller i Cochrane Methodology Register. Dei har eit standardisert format som er omtalt i the Cochrane Handbook for Systematic Reviews of Interventions.

(http://www.kunnskapssenteret.no/om-oss/internasjonalt-samarbeid/the-cochrane-collaboration)